A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert avdelingsleiar til Åsane vidaregåande skule. Leiinga omfattar avdeling for teknologi- og industrifag og elektro og datateknologi, med fokus på å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa.
Atten søkjarar blir vurdert etter fagleg bakgrunn, leiarerfaring og evne til å dreie verksemda i tråd med mål og visjon for skuleeigar. Vi tilbyr eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø og gode vilkår.
Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?
Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg avdelingsleiar til Åsane videregående skule. Avdelingsleiar må ha evne og vilje til å videreutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa innan avdeling for teknologi- og industrifag og elektro og datateknologi. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.
Det er forventa at avdelingsleiar er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
Den som vert tilsett har ein fagleg bakgrunn innan elektrofag eller teknologifag.
Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova§ 17-2. Leiing
Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg.
Det er ønskjeleg at du:
Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.