Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Askøy vidaregåande skule søkjer ein engasjert leiar for avdelinga for individuelt tilretteleggt opplæring. Stillinga er eit vikariat ut skuleåret 2026/2027, med moglegheit for forlenging og med god erfaring frå vidaregåande opplæring.
Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø med god offentleg kommunikasjon. Målet er trygt skulemiljø, samarbeid, og god medverknad frå elevar og tilsette i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vil du bidra i vidareutviklinga av tilbodet tilelevar med behov for tilrettelegging i vidaregåande opplæring?
Askøy videregående skole søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg leiar for avdelinga for individuelt tilrettelagt opplæring.
Stillinga er eit vikariat ut skuleåret 2026/2027, med moglegheit for forlenging.
Skuleåret 2026/2027 har skulen 22 elevar i mindre grupper, fordelt mellom kvardagslivstrening og arbeidstrening.Avdelinga har pr. i dag 8 lærarar og 15 mijøarbeidarar med god og variert kompetanse.
Askøy vidaregående skule har omlag 780 elevar og 125 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med god offentleg kommunikasjon til alle delar av Askøy og Bergen.
Vi har som mål at alle elevar på skulen vår skal ha ein trygg og god skulekvardag, medrom for læring og deltaking i fellesskapet.
Vi søkjer deg som har
Det er ønskjeleg at du:
Erfaring utanfor opplæringssektoren og anna relevant utdanning kan òg vektleggjast.
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.