Lærar ved Fjærland oppvekstsenter

Sogndal kommune Fjærland oppvekstsenter

Sogndal

On-site

NOK 420,000 - 520,000

Part time

14 days+

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar

Job summary

Sogndal kommune Fjærland oppvekstsenter søker ein engasjert lærar til eit 90% vikariat i grunnskulen (1.–7. trinn). Kontaktlærar-rollen er inkludert.

Vi søkjer deg som har kompetanse i norsk, matematikk, kroppsøving og/eller spesialpedagogikk, og som ynskjer å vere ein tett del av eit lite, trygt læringsmiljø. Oppvekstsenteret ligg i fjordbygda Fjærland mellom Sogndal og Skei, med tilgang til naturen som læringsarena og moderne undervisningsfasilitetar.

Qualifications

  • Har utdanning som grunnskulelærar for 1. til 7. trinn.
  • Har anna relevant grunnskulelærarutdanning som kan vurderast.
  • Har gode digitale ferdigheiter.
  • Har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Har god kjennskap til læreplanverket.

Responsibilities

  • Planleggje, gjennomføre og vurdere elevane si læring, individuelt og i grupper.
  • Følgje opp elevane fagleg og sosialt.
  • Ha ansvar som kontaktlærar.
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø.
  • Samarbeide godt med elevar, føresette og kollegaer.
  • Delta aktivt i skulen sitt profesjonsfellesskap.
  • Bidra i skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid.
  • Nytte nærmiljøet og naturen som læringsarena der det er relevant.
  • Samarbeide på tvers av skule, sfo og barnehage når det er naturleg.

Skills

Grunnskulelærar kompetanse 1-7
Gode digitale ferdigheiter
Norsk munnleg og skriftleg framlegging

Education

Grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn
Annan relevant grunnskulelærarutdanning

Job description

  • Ha ansvar som kontaktlærar
  • Nytte nærmiljøet og naturen som læringsarena der det er relevant

Vil du vere lærar på ein liten skule der du får følgje elevane tett og vere med på å skape ein trygg, variert og lærerik skulekvardag?

Fjærland oppvekstsenter ligg i jordbruks og turistbygda Fjærland, mellom Sogndal og Skei. Bygda har eit aktivt lokalmiljø med mange lag og organisasjonar.

Oppvekstsenteret omfattar skule, SFO og barnehage, og ligg idyllisk til nær fjorden. I nærområdet finn du skog, idrettsbane og lysløype. Skulen har eige symjebasseng og gode undervisningsfasilitetar.

Skulen er fådelt, med elevar frå 1. til 7. trinn fordelte på småskule og mellomsteg. Inneverande skuleår har skulen 11 elevar. Storleiken gir gode føresetnader for å bli godt kjent med den enkelte eleven og gi tett oppfølging. Skulen har særleg merksemd på basisfaga og lesing, og arbeider med satsinga «Trygt og godt skule- og barnehagemiljø».

Om stillinga

I perioden 1. januar 2027 til 1. januar 2028 har me ledig eit vikariat i 90 % stilling som grunnskulelærar. Rolla som kontaktlærar ligg til stillinga. Me har særleg behov for undervisningskompetanse i norsk, matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk.

Arbeidsoppgåver
  • Planleggje, gjennomføre og vurdere elevane si læring, individuelt og i grupper
  • Følgje opp elevane fagleg og sosialt
  • Ha ansvar som kontaktlærar
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
  • Samarbeide godt med elevar, føresette og kollegaer
  • Delta aktivt i skulen sitt profesjonsfellesskap
  • Bidra i skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid
  • Nytte nærmiljøet og naturen som læringsarena der det er relevant
  • Samarbeide på tvers av skule, sfo og barnehage når det er naturleg
Kvalifikasjonar
  • Har utdanning som grunnskulelærar for 1. til 7. trinn
  • Har anna relevant grunnskulelærarutdanning som kan vurderast
  • Har gode digitale ferdigheiter
  • Har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Har god kjennskap til læreplanverket

Fagynskje: me ser gjerne at du har eitt eller fleire av faga norsk, matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Kven er du?
  • Skaper tryggleik, motivasjon og engasjement hos elevane
  • Ser den enkelte eleven og tilpassar oppfølginga etter behov
  • Er tydeleg, omsorgsfull og god til å byggje relasjonar
  • Samarbeider godt med elevar, føresette, kollegaer og andre fagpersonar
  • Arbeider sjølvstendig og tek ansvar
  • Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert skulekvardag
  • Ønskjer å bidra til deling, refleksjon og fagleg utvikling
  • Trivst med å arbeide i eit lite miljø der alle bidreg på tvers

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

Me tilbyr
  • Ein variert og meiningsfull lærarjobb med tett kontakt med elevane
  • Gode moglegheiter for å tilpasse undervisninga og følgje kvar elev
  • Eit lite og oversiktleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass med nærleik til naturen og gode undervisningsfasilitetar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Lærar ved Fjærland oppvekstsenter
Lærar ved Fjærland oppvekstsenter

Torbjørn Aske • Sogndal

On-site
NOK 500,000 - 650,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Løn etter gjeldande avtaleverk
Lærar ved Fjærland oppvekstsenter
Lærar ved Fjærland oppvekstsenter

Sogndal kommune • Sogndal

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Kunstner med undervisningskompetanse i norskfaget
Kunstner med undervisningskompetanse i norskfaget

Vestland fylkeskommune • Ulset

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Palmafossen skule
Palmafossen skule

Kristine Jordalen • Voss

On-site
NOK 350,000 - 480,000
Utviklingsvilkår
Dyktige kollegaer
Tverrfaglig miljø
+2
Faglærar
Faglærar

Vestland fylkeskommune • Kleppestø

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Gode forsikringsordningar
Gullfjordungen skule
Gullfjordungen skule

Steinar Rygg • Vossavangen

On-site
NOK 312,000 - 379,000
Gode utviklingsvilkår
Tverrfaglig miljø
Yrkesforsikring
+2
Brenn du for barn og fellesskap-
Brenn du for barn og fellesskap-

Aina Vaage • Suldal

On-site
Confidential
Faglege og personlege utfordringar
Pensjons- og forsikringsordningar
Engasjerte kollegaer
+1
Miljørettleiar/fagarbeidar fast stilling
Miljørettleiar/fagarbeidar fast stilling

Voss • Voss

Remote
NOK 420,000 - 480,000
Pensjonsordning
Forsikring
Kollektivt samarbeid og godt arbeids-m
Lærervikarer
Lærervikarer

Bjørg Skråmestø • Fauskanger

On-site
NOK 400,000 - 540,000
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
Varmt og inkluderende arbeidsmiljø
+1
Me ynskjer deg!
Me ynskjer deg!

Beate Christine Mundal • Vossavangen

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Trivsel på arbeidsplassen
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Top locations