Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sogndal kommune søkjar etter ein landbruksrådgjevar til avdeling for landbruk og miljø i eit årsvikariat. Du får arbeide tett på bønder og innbyggjarane, med rådgjeving, forvalting og utvikling av landbruket i Sogn og nærliggande område.
Oppgåver inkluderer forvalting av statlege og regionale tilskotsordningar, samt prosjekt- og utviklingsarbeid retta mot landbruket i Sogn. Det er ynskjeleg med relevant utdanning og erfaring frå offentleg forvaltning eller landbruksrådgjeving.
Likar du å jobbe med landbruk, og vil du ha ein jobb der du både får bruke fagkunnskapen din og vere med på å utvikle næringa? Me ser etter ein landbruksrådgjevar til avdeling for landbruk og miljø i Sogndal kommune, i eit årsvikariat.
Sogndal er ein stor jordbrukskommune med omfattande frukt-, bær- og husdyrproduksjon og over 260 aktive bønder. Hjå oss får du jobbe tett på både bønder og innbyggjarar, med oppgåver innan rådgjeving, forvalting og utvikling av landbruket. Du får òg vere med på å forvalte og nytte landbruksressursane våre.
Som landbruksrådgjevar får du ein kombinasjon av faglege, administrative og utviklingsretta oppgåver.
Arbeidsoppgåvene omfattar:
Om ynskjeleg kan stillinga òg innehalde arbeid med hjorteforvalting og utmarksforvalting.
Me ser etter deg som har interesse for landbruk og trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre. Det er ynskjeleg at du har:
Du må ha førarkort klasse B.
Me ser etter deg som jobbar strukturert og effektivt, likar å finne løysingar og samarbeider godt med andre. Du er serviceinnstilt, omgjengeleg og trivst med å vere i dialog med folk. Du har evne til å sikre god framdrift og godt fagleg innhald i arbeidet ditt.
Det er òg viktig at du kan tileigne deg ny kunnskap og har god forståing for rolla di. Me legg vekt på dei personlege eigenskapane dine.
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og 1150 medarbeidarar. Sogndal er regionsenteret i Sogn, med nærleik til både naturen og det meste du treng i kvardagen.
Her kan du kombinere ein jobb innen landbruk og miljø med eit liv tett på naturen, i ein kommune som er stor nok til mangfald og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, der dei tilsette speglar folkesetnaden elles.
Administrasjonsmålet i Sogndal kommune er nynorsk. Alle nytilsetjingar har ei prøvetid på seks måneder.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde etter offentleglova § 25 andre ledd, sjølv om du har bede om å bli unnateken fra offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for flere grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837