A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vestland fylkeskommune søker tilkallingsvikar i helse- og oppvekstfag for undervisning og oppfølging på Vg1/Vg2-nivå i programområde helse- og oppvekstfag.
Det vert lagt vekt på samarbeid, fleksibilitet og eit positivt læringsmiljø. Leiar avgjer start/slutt av utdanninga dersom krava ikkje er oppfylte, og tilsette må levere politiattest.
Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei relevant opplæring.Sjå gjerne skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no .
Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.
Ledig som tilkallingsvikar knytt helse- og oppvekstfag fra 01.09.26
Søknadsfrist:
Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga for å bli formelt godkjent, avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Eit aktivt og stimulerande profesjonsfellesskap
Nært samarbeid med kollegaer
God delingskultur
Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
Gode forsikrings - og pensjonsordningar
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir videregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.