Kultur

Marian Guddal Hansen

Straume

On-site

NOK 650,000 - 900,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA bedrift
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling

Job summary

Øygarden kommune søker ein engasjert samfunnsutviklar for å utvikle eit inkluderande og helsefremjande lokalsamfunn gjennom samarbeid mellom kultur, folkehelse og offentlege tenester. Ein viktig del av jobben er å mobilisere lokalsamfunnets ressurser og skape arenaer for meistring og deltaking.

Stillinga krev utdanning innan folkehelse eller tilsvarande, samt erfaring frå koordinering og prosjektarbeid. Vi tilbyr vidareutvikling, trygg arbeidsplass og moglegheit til å bidra til framtidas

Qualifications

  • Særleg relevant utdanning og erfaring innan folkehelse, kultur eller samfunnsutvikling.
  • Erfaring frå prosjekt-, utviklings- eller endringsarbeid.
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk.

Responsibilities

  • Koordinere og vidareutvikle kommunens folkehelsearbeid.
  • Fremje kultur som helseressurs i kommunal samhandling.
  • Utvikle samarbeid mellom kultursektor, helse- og omsorgstenester, oppvekst og frivillig sektor.
  • Søkje ekstern finansiering og tilskotsordningar.

Job description

Vil du være med å utvikle eit inkluderande, aktivt og helsefremjande lokalsamfunn?

Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert samfunnsutviklar som skal styrkje samspelet mellom kultur, folkehelse, frivilligheit, innbyggjarar og kommunale tenester. Gjennom denne stillinga ønskjer vi å vidareutvikle kultur som ein sentral ressurs for livskvalitet, deltaking, tilhøyrsle og god helse.

Stillinga skal bidra til å utvikle framtidsretta velferdsløysingar, styrkebasert lokalsamfunnsutvikling og tverrsektorielt samarbeid. Eit sentralt mål er å mobilisere ressursane som finst i menneske, kultur- og organisasjonsliv, nærmiljø og lokalsamfunn, og skape arenaer der innbyggjarane kan oppleve meistring, fellesskap og deltaking.

Arbeidsoppgåver
  • Koordinere og vidareutvikle kommunen sitt folkehelsearbeid.
  • Fremje kultur som helseressurs og integrere kulturperspektivet i kommunen sitt folkehelse- og samfunnsutviklingsarbeid.
  • Utvikle samarbeid mellom kultursektoren, helse- og omsorgstenester, oppvekst, frivillige organisasjonar og andre samfunnsaktørar.
  • Leggje til rette for kulturaktivitetar som fremjar inkludering, deltaking, tilhøyrsle og livskvalitet.
  • Koordinere og vidareutvikle samarbeidet med frivillig sektor.
  • Stillinga skal bidra til å utvikle framtidsretta velferdsløysingar som legg til rette for deltaking, meistring og bruk av eigne ressursar.
  • Initiere og leie tverrsektorielle utviklingsprosjekt.
  • Arbeide med styrkebasert lokalsamfunnsutvikling gjennom mobilisering av lokale ressursar, nettverk og initiativ.
  • Bidra i kommunale plan- og strategiarbeid innen kultur, folkehelse og samfunnsutvikling.
  • Søkje ekstern finansiering og følgje opp prosjekt og tilskotsordningar.
Vi ser etter deg som:
  • Har tru på kultur som drivkraft for helse, trivsel og samfunnsutvikling.
  • Er god til å byggje relasjonar og skape samarbeid mellom ulike aktørar.
  • Ser ressursar og moglegheiter i menneske, organisasjonar og lokalsamfunn.
  • Er initiativrik og får idear omsett til handling.
  • Trivst i skjæringspunktet mellom strategi, utviklingsarbeid og praktisk gjennomføring.
Kvalifikasjonar:
Krav til utdanning
  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan folkehelse, kulturfag, samfunnsvitskap, sosialfag, organisasjonsutvikling, innovasjon, planlegging eller tilsvarande.
  • Særleg relevant erfaring kan i særskilde tilfelle kompensere for delar av utdanningskravet.
  • Førarkort klasse B
Krav til erfaring
  • Erfaring frå prosjekt-, utviklings- eller endringsarbeid.
  • Erfaring med koordinering og samarbeid på tvers av fagområde og organisasjonar.
  • Erfaring med nettverksbygging og relasjonsarbeid.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Det er ønskjeleg at du har:
  • Erfaring frå kommunal forvaltning eller offentleg sektor.
  • Kompetanse innan folkehelsearbeid og førebyggjande innsats.
  • Erfaring frå kultursektoren og kunnskap om kultur som helsefremjande verkemiddel.
  • Erfaring med frivillig sektor, samskaping og innbyggjarmedverknad (styrkebasert lokalsamfunnsutvikling, ABCD-metodikk eller tilsvarande).
  • Erfaring med søknadsskriving, tilskotsforvaltning og prosjektfinansiering.
  • Erfaring med plan- og strategiarbeid.
Personlege eigenskapar:

Vi ser etter deg som:

  • Har stort engasjement for folkehelse, kultur og samfunnsutvikling.
  • Er initiativrik, sjølvstendig og gjennomføringssterk.
  • Er ein god relasjonsbyggjar som evnar å skape tillit og samarbeid.
  • Har strategisk blikk og evne til å sjå samanhengar på tvers av sektorar.
  • Er strukturert og systematisk i oppfølging av prosjekt og prosessar.
  • Har tru på at innbyggjarar, frivillige og lokalsamfunn er viktige ressursar i utviklinga av framtidas velferdssamfunn.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar.

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna:

Stillinga ligg i kommunalsjefområde Samfunnsutvikling og rapporterar til kultursjef.

Arbeidsstad: Kulturkontoret på Liljevatnet, Arefjordvegen 290, 5355 Knarrvik

Kontaktperson:

Samhandlings- og utviklingssjef Elin Helland-Jooste, mob. 922 05 747

Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Samfunnsutviklar 100% fast
Samfunnsutviklar 100% fast

Øygarden kommune • Vestland

On-site
NOK 650,000 - 820,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA bedrift
Fagleg og personleg utvikling
Samfunnsutviklar 100% fast
Samfunnsutviklar 100% fast

Øygarden kommune • Straume

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Pensjonsordningar
Forsikringsordningar
IA-verksemd
Kultur
Kultur

Øygarden kommune Kultur og innbyggardialog • Straume

On-site
NOK 600,000 - 850,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-vennlig arbeidsmiljø
Mulighet for fagleg utvikling
Kvednatunet
Kvednatunet

Beate Lønningen • Ågotnes

On-site
NOK 300,000 - 360,000
Pensjonsordning
Forsikringer
Spennende arbeidsplass
+1
Fritidskontaktar/ avlastar- Helse og velferd
Fritidskontaktar/ avlastar- Helse og velferd

Øygarden kommune • Straume

On-site
NOK 340,000 - 460,000
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg

Øygarden kommune • Ågotnes

On-site
NOK 10,000 - 50,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Høve til fagleg og personleg utvikling
Miljøterapeut 100% fast stilling
Miljøterapeut 100% fast stilling

Øygarden kommune • Straume

On-site
NOK 25,000 - 35,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Startlån for å rekruttere og behalde
Heimehjelp i heimetenesta
Heimehjelp i heimetenesta

Kate S. Løland • Straume

On-site
NOK 262,000 - 317,000
Gratis parkering
Fritidskontaktar/ avlastar- Helse og velferd
Fritidskontaktar/ avlastar- Helse og velferd

Katrine Risløw • Straume

On-site
NOK 147,000 - 309,000
Rettleiing og oppfølging
Utgiftsdekning
Helsefagarbeidar 25% , helgestilling
Helsefagarbeidar 25% , helgestilling

Øygarden kommune • Straume

On-site
NOK 320,000 - 460,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
+1
Top locations