An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Øygarden kommune i Helse og velferd tilbyr fritidskontakt og private avlastarar for familiar. Arbeidsoppgåver vert å leggje til rette for at mottakar får ei meiningsfull fritid, med varierte typar oppdrag. Vanleg oppdrag er 3–4 timar per veke; avlastning kan vere døgn eller timebasert.
Omfattningen inkluderer ulike brukargrupper, mellom anna ein 11 år gammal gutt, ei 18 år gammal jente og ei kvinne på 31 år. Krav inkluderer roleg og omsorgsfull væsne over 18 år; køyring og bil kan vere fordel.
Øygarden kommune har behov for fleire fritidskontaktar (støttekontaktar) i Helse og velferd som kan bidra til at andre får moglegheit til ei meir aktiv og sosial fritid. Øygarden kommune har også behov for private avlastare som kan bidra med å gi familiar eit pusterom i kvardagen.
Arbeidsoppgåver:
Leggje til rette for at den du er fritidskontakt for får ei meiningsfull fritid med gode opplevingar. Innhald og omfang vil variere ut ifrå ulike typar oppdrag og behov. Eit oppdrag vil vanlegvis omfatte 3-4 timar per veke. Avlastning varierer ut i frå omfang og behov, avlastning kan innebere nokre døgn i månaden eller på timebasis.
Eg likar veldig godt å vere saman med andre. Eg elskar gaming, fotball og basketball, og er veldig glad i å sykle og interessert i bilar. Eg er også veldig glad i dyr, så det er eit stort pluss om du har hund eller katt. Det er også fint om du har bil. Det er ikkje noko problem om du har eigne barn.
Eg synest det kan vere vanskeleg å vere åleine, og treng derfor ein trygg vaksen som kan vere saman med meg når familien min treng litt avlasting. Eg ser etter nokon som kan hente meg på skulen på fredagar og/eller vere saman med meg på laurdagar. Avlastinga er 16 timar i tillegg til eitt døgn i månaden.
Eg kan bli ganske fort sliten, og likar derfor best ein kombinasjon av litt aktivitet og rolege aktivitetar. Vi kan til dømes game, sjå film, spele fotball eller basketball, sykle, lage mat eller berre slappe av heime. Det viktigaste for meg er å ha det hyggeleg saman med ein trygg vaksen.
Eg kan bruke litt tid på å bli trygg på nye menneske, så det er fint om du er tolmodig og let oss bli kjende i mitt tempo. Når eg først blir trygg på deg, håpar eg vi kan få mange fine opplevingar saman.
Eg treng ein vaksen som er roleg, omsorgsfull, stabil og flink til å halde avtalar.
Viss dette høyrest ut som noko for deg, håpar eg du tek kontakt, så kan vi bli kjende!
Eg er en jente på 18 år med barneautisme. Eg elsker å svømme i basseng og liker å gå stolpejakt. Ønsker ei dame med bil som kan ta meg med på bading tysdager eller torsdager.
Då eg nyttar rullestol og har utviklingshemming, har eg behov for en person å være saman med på fritida nokre timar i veka og som kan følgje meg for å gjere ting eg likar.
Noko av det eg likar å gjere saman med fritidskontakt er å få følgje til "klubben", gå ein tur saman med, eller ta ein tur til byen og gjerne gå på kafé. Tur til Fløyen er kjempekjekt og eg er også opptatt av dyr. Eg har eigen bil.
Eg har verbalt språk, men bruker også litt 'teikn til tale' og bilete for å gjere meg forstått. Eg forstår det meste som vert sagt til meg.
Eg har dessverre ikkje hatt fritidskontakt den siste tida og det har eg sakna veldig. Eg håper å få ein ny fritidskontakt og det gler eg meg til.
Eg er ein gut på 14 år som treng ein fritidskontakt. Det hadde vore kjekt om du er ein ung vaksen mann/ungdom. Eg går på ulike aktivitetar, blant anna fotball og kulturskule. Eg treng at du er med meg på ein av desse aktivitetane.
Veldig kjekt om du har sertifikat i tillegg.
Kvalifikasjoner :
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Løn:
Anna:
Du vil få ei tilbakemelding på søknaden, og eventuelt bli kalla inn til ein samtale. Blir du godkjent som fritidskontakt kontaktar vi deg når kommunen har eit oppdrag som passer.
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.