Mach aus dieser Rolle ein Bewerbungsgespräch — ein Lebenslauf und ein Anschreiben, die darauf ausgerichtet sind, was dieser Arbeitgeber sucht.
Øygarden kommune søker fritidskontaktar (støttekontaktar) i Helse og velferd for å gi andre ein meir aktiv og sosial fritid. Arbeidet varierer etter oppdrag og behov, og vanleg oppdragsvolum er 3–4 timar per veke. Avlastning kan vere døgn- eller timebasert.
Ei tilpassa oppfølging blir gitt av ein kontaktperson i helse og velferd. Søknadsprosessen inkluderer krav om teieplikt og politiattest for tilsette innan helse og omsorg.
Øygarden kommune har behov for fleire fritidskontaktar (støttekontaktar) i Helse og velferd som kan bidra til at andre får moglegheit til ei meir aktiv og sosial fritid. Øygarden kommune har også behov for private avlastare som kan bidra med å gi familiar eit pusterom i kvardagen.
Leggje til rette for at den du er fritidskontakt for får ei meiningsfull fritid med gode opplevingar. Innhald og omfang vil variere ut ifrå ulike typar oppdrag og behov. Eit oppdrag vil vanlegvis omfatte 3-4 timar per veke. Avlastning varierer ut i frå omfang og behov, avlastning kan innebere nokre døgn i månaden eller på timebasis.
Du vil få ei tilbakemelding på søknaden, og eventuelt bli kalla inn til ein samtale. Blir du godkjent som fritidskontakt kontaktar vi deg når kommunen har eit oppdrag som passer.
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.