Konsulent dokumentasjonsforvaltning 100% stilling

Aukra kommune Service

Aukra

Vor Ort

NOK 650.000 - 850.000

Vollzeit

Vor 2 Tagen
Sei unter den ersten Bewerbenden

Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber

Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.

Schaffe es an den ATS-Filtern vorbei

Benefits dieser Stelle

Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ordning for utdanningsstønad frå eige

Zusammenfassung

Aukra kommune har ledig eit 100% stilling som konsulent og arkivleiar. Du blir sentral i arbeidet med dokumentasjonsforvaltning, personvern og informasjonstryggleik, og bidreg til at kommunen forvaltar informasjon rett og trygt, i samsvar med lovkrav og innbyggjaranes rettar.

Du blir ein viktig rådgivar for leiarar og medarbeidarar i heile organisasjonen, med ansvaret for kvalitet i dagleg forvaltning og løpet av rutinar.

Qualifikationen

  • Høgare utdanning innan arkiv, dokumentasjonsforvaltning eller administrasjon.

Aufgaben

  • Journalføring, kvalitetssikring og oppfølging av rutinar.
  • Rådgiving og forbetring av arbeidsprosessar.
  • Bidra til vidareutvikling av digitale arbeidsprosesser og løysingar i takt med nye krav.

Ausbildung

Relevant høgre utdanning (arkiv/dokumentasjonsforvaltning/administrasjon)

Jobbeschreibung

Vil du vere med å sikre hukommelsen og tilliten til kommunen?

Kvar dag tek kommunen avgjerder som påvirkar livet til innbyggjarane. Dokumentasjon blir skapt, personopplysningar blir behandla, og viktig informasjon må vere tilgjengeleg, korrekt og trygg.

Vi har ei ledig 100% stilling som konsulent (arkivleiar) og no ser vi etter deg som vil vere med å ta ansvar for dette.

I denne rolla får du ei sentral oppgåve i arbeidet med dokumentasjonsforvaltning, personvern og informasjonstryggleik. Du bidreg til at kommunen forvaltar informasjon på ein måte som varetek rettane til innbyggjarar og tilsette, oppfyller lovkrav og styrkjer tilliten til kommunen.

Du blir ein viktig rådgivar for leiarar og medarbeidarar i heile organisasjonen. Samtidig vil mykje av arbeidet handle om å sikre kvalitet i den daglege forvaltninga av kommunen sin dokumentasjon og informasjon.

Arbeidskvardagen omfattar både drift og utvikling innan dokumentasjonsforvaltning, arkiv, personvern og informasjonstryggleik. Oppgåvene spenner frå journalføring, kvalitetssikring og oppfølging av rutinar til rettleiing, rådgiving og forbetring av arbeidsprosessar. Samtidig får du vere med på å videreutvikle digitale arbeidsprosessar og løysingar i takt med nye krav og moglegheiter.

Arbeidsoppgåvene vil utvikle seg i takt med behova i organisasjonen. Som del av fagmiljøet vil du også bidra til felles oppgåver på tvers av eininga.

helst har relevant høgare utdanning innan arkiv, dokumentasjonsforvaltning, administrasjon eller tilsvarande. Kanskje er du sterk innan eitt fagområde og ønskjer å utvikle deg vidare innan dei andre. Det viktigaste for oss er at du har interesse for faga og motivasjon til å lære.

Du er strukturert og sjølvstendig, men trivst også med samarbeid og relasjonsbygging. Du tek initiativ, bidreg til forbetringar og finn gode løysingar saman med andre. Vi trur du er nysgjerrig, utviklingsorientert, oppteken av kvalitet og motiverast av å skape orden, oversikt og gode arbeidsprosessar.

Hos oss treng du ikkje kunne alt frå dag éin. Vi legg til rette for fagleg utvikling gjennom kurs, nettverk og relevant etter- og vidareutdanning, og deler raust av kompetansen i organisasjonen.

Kvifor velje Aukra kommune?

Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du er med på å sikre kvalitet, etterleving og gode arbeidsprosessar i heile organisasjonen. Du samarbeider tett med leiarar, fagmiljø og kommunane i Romsdalsregionen, som vi har eit tett samarbeid med gjennom felles IKT-samarbeid. Du får vere med på å vidareutvikle fagområda.

Dette er meir enn ei fagstilling. Det handlar om å ta vare på kommunen si hukommelse, vere med på å sikre rettstryggleiken til innbyggjarar og tilsette, og bidra til at innbyggjarane kan ha tillit til kommunen også i framtida.

  • Godt arbeidsmiljø som du bidreg til
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ordning for utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Søkarliste

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Dublir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema viafunksjonen "Søk på stilling"

Service er ein av tre stabs- og støtteavdelingar i kommunen. Avdelinga yt tenester til politiske organ og rådmannsnivå, og har ein rådgjevande funksjon ut mot einingane. Avdelinga yt óg tenester mot innbyggjarane. Avdelinga har mellom anna desse ansvarsområda: Arkiv- og dokumentasjonsforvaltning, politisk sekretariat, felles postmottak, ekspedisjon og sentralbord, informasjonsoppgåver, informasjonssikkerheit og personvern, samt ulike roller i interkommunalt IKT-samarbeid. Avdelinga har 3,7 årsverk.

Hol dir deinen kostenlosen, vertraulichen Lebenslauf-Check.

oder ziehe deine Datei hierhin.

Similar jobs

Ähnliche Jobs, die dir auch gefallen könnten

Konsulent dokumentasjonsforvaltning 100% stilling
Konsulent dokumentasjonsforvaltning 100% stilling

Aukra kommune • Aukra

Vor Ort
NOK 600.000 - 750.000
Godt arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsetjingsvilkår og løn
+2
Konsulent dokumentasjonsforvaltning 100% stilling
Konsulent dokumentasjonsforvaltning 100% stilling

Aaslaug Søreide • Aukra

Vor Ort
NOK 520.000 - 660.000
Pensjons- og forsikringer
Tarifflønn/tilsetjingsvilkår
Utdanningsstønad
+1
Konsulent, Dokumentasjonsforvaltning og Personvern
Konsulent, Dokumentasjonsforvaltning og Personvern

Aukra kommune Service • Aukra

Vor Ort
NOK 650.000 - 850.000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ordning for utdanningsstønad frå eige
Arkiv- og dokumentasjonskonsulent
Arkiv- og dokumentasjonskonsulent

Aaslaug Søreide • Aukra

Vor Ort
NOK 520.000 - 660.000
Pensjons- og forsikringer
Tarifflønn/tilsetjingsvilkår
Utdanningsstønad
+1
Arkivlederkonsulent – trygg, effektiv dokumentforvaltning
Arkivlederkonsulent – trygg, effektiv dokumentforvaltning

Aukra kommune • Aukra

Vor Ort
NOK 600.000 - 750.000
Godt arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsetjingsvilkår og løn
+2
Nokre timar i veka. Stor betydning for mange ungdommar.
Nokre timar i veka. Stor betydning for mange ungdommar.

Aukra kommune Kultur • Aukra

Vor Ort
NOK 248.000 - 317.000
Pensjonsordningar i KLP
Kommunale tilsetjingsvilkår og løn
Stønad frå eige fond for etter- og Vid
+2
Konsulent
Konsulent

Dokumentsenter, Agder kommunale støttetjenester (AKST) • Grimstad

Vor Ort
NOK 520.000 - 760.000
Gode kompetanseutviklingsordninger
Inkluderende arbeidsmiljø
Rådgjevar i helse og omsorg
Rådgjevar i helse og omsorg

Essi Annika Mäki • Aurland

Vor Ort
NOK 800.000 - 1.000.000
Utvikling og fagleg påverknad
Triveleg arbeidsplass og godt arbeidsm
Pensjons- og forsikringsordningar
+3
Sjukepleiarar i 100% stilling ved legekontoret i Aukra
Sjukepleiarar i 100% stilling ved legekontoret i Aukra

Aukra kommune Helse • Falkhytta

Vor Ort
NOK 520.000 - 640.000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår og lønn
Utdanningsstønad frå fond for vidareut
+1
Arkivansvarlig/saksbehandler
Arkivansvarlig/saksbehandler

Hægebostad kommune • Helle

Vor Ort
NOK 550.000 - 750.000
Godt arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidstid
Lønn etter tariff