Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Aukra kommune Kultur søkjer miljøarbeidar i 20 % stilling for å utvikle møteplassar for ungdom i Aukra. Du blir ein trygg vaksen som lyttar og støttar ungdom, og du er med på å skape aktivitetar og fellesskap i kommunale møteplassar.
Arbeidet krev engasjement og samarbeid med ungdom, føresette og frivillige. Krav om politiattest ved tiltreding, og moglegheit til vidareutvikling gjennom fleirfagleg samarbeid i kommunen.
Bli med og skap dei gode møteplassane for ungdom i Aukra. Nokre timar i veka kan bety mykje for ein ungdom.
I Aukra kommune arbeider vi for at alle ungdommar skal ha ein plass å høyre til. På våre møteplassar skal ungdom kjenne seg velkomne, få nye vennskap, oppleve meistring og bli møtt av trygge vaksne som ser dei.
No søkjer vi ein miljøarbeidar i 20 % stilling som vil vere med på dette viktige arbeidet.
Dette er ikkje berre ein deltidsjobb. Det er ei moglegheit til å vere med og skape dei gode opplevingane, samtalane og fellesskapa som kan bety ein forskjell i ungdomstida. Gjennom ungdomsklubb, aktivitetar og møteplassar får du vere ein viktig vaksenperson som lyttar, støttar og bidreg til at ungdom kjenner seg inkluderte og verdsette.
Du blir del av eit engasjert team som kvar veke jobbar for å skape trivsel, tilhøyrsel og gode opplevingar for ungdom i Aukra.
Som miljøarbeidar vil du vere med å utvikle og gjennomføre aktivitetar på møteplass for ungdom både på Gossen og i Julsundet. Du får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der relasjonar, aktivitetar og ungdomsmedverknad står sentralt.
Vi ønskjer å gi ungdommane i Aukra arenaer der dei kjenner at dei høyrer til, blir inkluderte og får vere seg sjølve. Derfor ser vi etter ein trygg og engasjert person som ønskjer å bidra til eit levande ungdomsmiljø i kommunen.
Du treng ikkje vere ungdom for å jobbe med ungdom. Det viktigaste er at du bryr deg om korleis ungdom har det, og ønskjer å vere ein vaksen som ser, lyttar og bidreg til at alle kjenner seg inkluderte.
Kanskje er du student, har ein annan jobb ved sida av, eller ønskjer å bruke erfaringa di til noko meiningsfullt. Dersom du er god på relasjonar, likar å skape aktivitet og ønskjer å bidra til at ungdom får ein god oppvekst i Aukra, håpar vi at du søkjer.
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss.
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Kultursjef Anne Jorunn Sandøy mob. 959 07055.
Søknadsfrist 2. november 2026
Kulturavdelinga utfører tenester innafor arbeidsfelta ungdomsarbeid, folkehelse, rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid, idrett og friluftsliv, frivilligsentral, kulturskole, bibliotek, samt kulturformidling og lokalhistorisk arbeid.Viktige samarbeidspartar for tenestene er alle som engasjerer seg som frivillige, det frivillige kulturlivet og einingane i kommunen. Kultur har delt drifta inn i ni ulike sjølvstendige fagområde. Den store bredda i fagfelta vert utnytta som ei styrke i utviklinga av kulturfeltet i kommunen.