Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Aurland kommune tilbyr ei 100% fast stilling som rådgjevar i kommunalområde helse og omsorg. Stillinga ligg ved Aurland omsorgssenter og rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.
Du vil spele ei viktig rolle i å styrke utviklingsarbeidet, og du må vere engasjert for betreings- og kvalitetsutvikling. Stillinga krev sjølvstendig arbeid og evne til å arbeide med varierte oppgåver og læring.
Vi har ledig fast 100% stilling som rådgjevar frå snarast.
Vi søker ein engasjert og sjølvstendig rådgjevar i kommunalområde helse og omsorg.
Du vil spele ei viktig rolle i å styrke utviklingsarbeidet, og vi ser etter ein rådgjevar som brenn for forbetrings- og kvalitetsutvikling. Det er viktig at du er allsidig og ikkje redd for å ta eit tak der det trengst. Du bør trivast med varierte oppgåver og ha moglegheit for læring. Hjå oss vil du få breidde i oppgåver og ansvarsområde.
Stillinga har kontorstad ved Aurland omsorgssenter og rapporterer til kommunaleiar for helse og omsorg.
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI
I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt fra og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennomLånekassen si nye ordning for distriktskommunar.Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:
https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune
Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du:
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kangjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no . Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.