Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Er du ein engasjert og omsorgsfull helsesjukepleiar som brenn for å fremje helse og trivsel blant barn, unge og familiar? Då kan du vere den me leitar etter!
Samnanger kommune søkjer no etter ein dyktig og dedikerthelsesjukepleiar. Me har eit ledig vikariat frå 01.01.2026 til 15.12.2026 . Stillingsstorleik frå 50 - 100 %. I søknaden kan du spesifisera kva stillingstorleik du ynskjer.
Me tilbyr ein spanande og variert arbeidskvardag der du får moglegheit til å jobbe førebyggjande og helsefremjande i eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø. Me er organisert i førebyggjande avdeling, under eining for livsmeistring.
Krav
Ønskjer
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Meoppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir . Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon,yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.