An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Sogndal kommune søkjer autorisert vernepleiar eller sjukepleiar. Stillinga inneber miljøterapeutiske oppgåver med samtalar og praktisk bistand i daglege gjeremål, og arbeid i brukarens heim og i kommunen.
Du må kunna samarbeida godt med brukar, pårørande og kollegaer, og vera moderat kreativ når planane må justerast. Du skal bidra i tverrfagleg samarbeid, rapportera og dokumentera i tråd med rutinar og lovverk, og rådgjeve brukar og nettverk.
Er du autorisert vernepleiar eller sjukepleiar?
Er du typen som ikkje er redd for å stille spørsmål, eller svare på dei?
Kan du samarbeida både med folk og datamaskiner?
Kan du holde hovudet kaldt når det stormar og arbeidsdagen ikkje vert slik som planlagt? Samstundes som du meistrar å hugse kvar du sat i frå deg kaffikoppen?
Då vil me gjerne at du søkjer jobb hjå oss!
Me kan tilby ein arbeidskvardag som sjeldan er lik dagen i går, og akkurat det er noko av det fine med denne jobben. Ikkje minst får du ein meiningsfull jobb, der du gjer ein forskjell og yter hjelp til personar med psykisk helse/rus utfordringar.
Om stillinga:
Hjå oss skal du møte menneskjer med respekt, varme og tydlege grenser. Både i og utanfor deira heim, då hovuddelen av stillinga omhandlar miljøterapeutiske oppgåver. Dette inneber både samtalar og praktisk bistand i daglege gjeremål. Du bør vara ein kreativ problemløysar når plan A ikkje lengre er eit alternativ. Tolmod er ofte nøkkelen til å opne døra, samstundes som du må tola at den kan gå i vranglås. Evna til å samarbeida og kommunisera både med kollega og tenestemottakarar er viktig, også når det er forventa at du på førehand skal vera tankelesar. Hjå oss får du bruka den faglege kompetansen din, mykje meir enn du rekk å nemne på intervjuet. Ein del av stillinga vil også omhandle ansvar for legemiddelhandtering på medisinrom.
Me ynskjer oss ein kollega som har humor, sjølv om datamaskina har låst seg. Som er engasjert og positiv til nye utfordringar, som har høg grad av sjølvstende, men samstundes trivst å jobbe i team. Me er ei lita kollegagruppe og godt arbeidsmiljø er difor viktig for oss. Det er viktig at du lyttar til alle, men samstundes kan vera usamd. Møter alle med respekt, men samstundes seier di meining. Kan le i saman med oss, men samstundes samtala om det som er mindre kjekt. Me treng at me støttar kvarandre i krevjande situasjonar og difor har kollega som er tolerante.
Me kan tilby ein gjeng som heier på deg og veit at kaffien er ein viktig del av arbeidsdagen, sjølv om du ikkje alltid får drikke den før den vert kald. Ei gruppe som er god på faglege drøftingar. Kan le på jobb, sjølv når du minst ventar det. Ein gjeng som jobbar i saman mot måla for kvar einskild, utifrå dei tenestene dei vert tildelt og innafor dei rammene me har.
Kvalifikasjonar:
Ynskjelege kvalifikasjonar/eigenskapar:
Det er ønskjeleg å ha eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos ossuansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.