Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Samnanger kommune søkjer ein Miljøarbeidar til å arbeide med individuell oppfølging av flyktningar og etablere intergreringstiltak på systemnivå i Nav/flyktningetenesta. Stillingen krev samarbeid med Samnangerhjelpa og psykiske helsetenester til vaksne.
Krava inkluderer helse-/sosialfagleg utdanning, norsk språkkunnskap, erfaring med menneske og sertifikat kl. B. Ønskje om ukrainsk/russisk som tillegg blir vektlagt, og ein innstilling til å arbeide sjølvstendig og i team blir vektlagt.
Samnanger kommune har dei siste åra tatt imot ei stor gruppe flyktninger frå Ukraina. Me har no ledig ei prosjektstilling knytta til individuell oppfølging av ein brukar, samt etablering av intergreringstiltak på systemnivå. Miljøarbeidaren vil bli tilsett i Nav/flyktningetenesta, men skal samarbeide tett med Samnangerhjelpa og psykiske helsetenester til vaksne.
Krav
Ønskjer
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Meoppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utenlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir . Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon,yrkesskade- og gruppelivsforsikring.