Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Merete Røren i Ålesund søkjer helsesekretærar til å bidra til god samhandling og eit godt arbeidsmiljø. To faste stillingar: 60% og 40%, ved to ulike poliklinikkar i Seksjonen Kontor Medisin.
Arbeidet omfattar elektronisk pasientadministrasjon i Helseplattformen, handsaming av tilvisingar, kommunikasjonsoppgåver og kontakt med pasientar. Autorisasjon er ein fordel, elles relevant sekretær-erfaring. God norskkunnskap, datakompetanse og fleksibilitet vert vektlagt.
Seksjonen Kontor Medisin Ålesund søkjer etter helsesekretærar/sekretærar som ønskjer å bidra til god samhandling og til eit godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig 60 % og 40 % fast stilling. Dette er p.t. ved to ulike poliklinikkar.
Seksjonen vår sørvar seks ulike poliklinikkar, tre sengepostar og dokumentasjonssenter i Medisinsk avdeling. Ved behov frå drifta må ein kunna pårekne å måtte sørve andre stader internt i seksjonen enn der ein til dagleg arbeider.
Vi har ein kultur for samarbeid og fleksibilitet, noko som er avgjerande for å lukkast saman, spesielt sidan vi ikkje sit samlokalisert.
Vi har jamnlege personalmøter og samhandlar også mykje via ulike Teamskanalar og Helseplattformen.
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Merete Røren,Seksjonsleiar,+47 70 10 50 00,Merete.Roren@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017Ålesund