Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund utlyser to ferievikariat som anestesisjukepleiar i 75% stilling for perioden 04.01.2027–31.12.2027. Stillingane er knytte til ferieavvikling og prosjekt i seksjonen, med tilknytning til Sentraloperasjon og Dagkirurgisk avdeling.
Søkjar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i anestesisjukepleie. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, tett tverrfagleg samarbeid og løn etter gjeldande overeinskomst.
Vi har ledig to ferievikariat i 75 % stilling som anestesisjukepleiar i perioda 04.01.2027–31.12.2027. Vikariata er knytte til ferieavvikling, sjukefråvær og ulike prosjekt i seksjonen.
Stillingane vil vere tilknytte både Hovudoperasjon og Dagkirurgen. Seksjonen har eit breitt fagleg spekter innan urologi, gastroenterologi, endokrin kirurgi, kar- og thoraxkirurgi, øyre-nase-hals, kjevekirurgi, ortopedi og gynekologi. Vi er ikkje seksjonerte, noko som gir varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Vi deltek i stans-, traume-, MET- og barneteam, og leverer anestesitenester ved mellom anna ECT, gastroseksjonen og MR. Samstundes er vi i gang med planlegginga av ei heilt ny operasjonsavdeling ved Klinikk Ålesund, noko som gir spennande moglegheiter for utvikling og medverknad.
For å sikre effektiv drift og høg fagleg kvalitet bemannar vi operasjonsstuene med 1,5 anestesisjukepleiar per operasjonsstove.
Vikariata er dagstillingar med fri alle helgar og heilagdagar. Det kan vere aktuelt å kombinere stillinga med helgestilling i andre seksjonar for å auke stillingsprosenten.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Arild Solbakken Hevrøy,Seksjonsleiar,+47 70105474, Arild.Solbakken.Hevroy@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5201254758
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal