A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Kontor Medisin Ålesund i Helse Møre og Romsdal HF søkjer helsesekretærar/sekretærar til to faststillingar på 60% og 40% ved poliklinikkar i Ålesund. Rollen fokuserer på service, logistikk, og elektronisk pasientadministrasjon i Helseplattformen.
Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, elles relevant erfaring som sekretær. Gode norskkunnskapar og kjennskap til Helseplattformen blir vektlagde, og ein inkluderande arbeidsplass med eit sterkt tverrfagleg samarbeid blir tilbydd.
Seksjonen Kontor Medisin Ålesund søkjer etter helsesekretærar/sekretærar som ønskjer å bidra til god samhandling og til eit godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig 60 % og 40 % fast stilling. Dette er p.t. ved to ulike poliklinikkar.
Seksjonen vår sørvar seks ulike poliklinikkar, tre sengepostar og dokumentasjonssenter i Medisinsk avdeling. Ved behov frå drifta må ein kunna pårekne å måtte sørve andre stader internt i seksjonen enn der ein til dagleg arbeider.
Vi har ein kultur for samarbeid og fleksibilitet, noko som er avgjerande for å lukkast saman, spesielt sidan vi ikkje sit samlokalisert.
Vi har jamnlege personalmøter og samhandlar også mykje via ulike Teamskanalar og Helseplattformen.
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Merete Røren, Seksjonsleiar, +47 70 10 50 00, Merete.Roren@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5195266917
Stillingsprosent: 60, 40%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 23.11.2026
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal