Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund lyser ut to faste LIS 2/3 stillingar i onkologi. Ved intern rokkering kan andre stillingar bli ledige. Prosessen byr på innføring gjennom ein fadderordning og grundig intro.
Avdelinga tilbyr tverrfagleg samarbeid, eit sterkt fagmiljø og moglegheiter for forsking og faglig utvikling. Søknadsfrist 15.11.2026, og løn etter gjeldande overeinskomstar.
Onkologi - eit spennande fagfelt i stor utvikling!
I seksjon for kreft legar Ålesund har vi frå 01.01.27 ledig 2 faste stillingar for LIS 2/3. Ved intern rokkering kan andre stillingar bli ledige.
Hos oss får du ein detaljert plan for dei første vekene dine som nytilsett, etter mal utarbeida av våre dyktige LIS-legar med fadderansvar. Her blir du med andre ord tatt godt og ryddig i mot!
Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består mellom anna av;
Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt med tanke på nye behandlingsmetodar. Faget gir gode høve for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.
Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her .
Synnøve Haram Rotnes,Seksjonsleiar,90140721,Synnove.Haram.Rotnes@helse-mr.no
Åsehaugen 15
6017Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5201218988
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026