Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Avdeling for sjukehuspsykiatri ved Ålesund sjukehus har ledig eit 100% vikariat i perioden 01.12.26–31.01.28. Stillinga er for tida knytt til Allmennpsykiatri, men med tett samarbeid med dei andre sekretærane.
Du vil vere ein del av eit felles fagleg team som skal løyse operative og administrative utfordringar, mellom anna registrering av vedtak og innleige av personal/registrering av fråvær. Løn etter gjeldande overeinskomstar.
Avdeling for sjukehuspsykiatri tilbyr nye og spanande utfordringar i eit dynamisk og godt fagmiljø i merkantilt team.
Vi har ledig eit 100% vikariat i perioden 01.12.26- 31.01.28
Avdeling for sjukehuspsykiatri er lokalisert ved Ålesund sjukehus. Avdelinga består av 6 seksjonar: Lokal sikkerhetspsykiatri, Akutt psykisk helse, Psykose, Allmennpsykiatri, Alderspsykiatri og Spesialisert Habilitering. Vi er ei avdeling med ulike arbeidsfelt innen psykiatrien, der vi både har ein akuttfunksjon, og har planlagte behandlingsforløp.
Du vil verte ein del av et felles team som skal bidra til å løyse og dele faglege utfordringar i felleskap til beste for hele avdelinga.
Stillinga er for tida knytt til Allmennpsykiatri, men med tett samarbeid med dei andre sekretærane.
Allmennpsykiatri er ein open akuttpost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innen forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det videre eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innen psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak fra offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal