A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Alderspsykiatri Sunnmøre søker sjukepleiar til 100% vikariat ved døgnposten i Ålesund. Stillinga krev norsk autorisasjon og samsvar med spesialisering innan psykiatri/geriatri. Du vil jobbe i tverrfagleg miljø og delta i MAP-trening for trygg handtering av utfordrande situasjonar.
Arbeidsplassen ligg i Ålesund, med fast turnus og arbeid kvar tredje helg. Søkjarar vert vurdert etter eigenskapar som evne til samarbeid, sjølvstendig arbeid og initiativ, samt vilje til fagleg utvikling i psykisk
Vil du være vår nye kollega ved Alderspsykiatri Sunnmøre?
Vi har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/spesialsjukeplaier i døgnposten vår. Oppstart fra snarast. For tida todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg.
Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri. Avdeling for sjukehuspykiatri består av:
Psykose sengepost Sunnmøre
Akutt psykisk helse Sunnmøre
Alderpsykiatri Sunnmøre
Allmennpsykiatri Sunnmøre
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre
Spesialisert habilitering
Alderspsykiatri Sunnmøre består av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 sengar. Arbeidsstad vil vere ved døgnpost.
Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spesial ergoterapeut, geriatrisk og psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling, og har eit høgt fagleg fokus. Poliklinikken tek imot pasientar i eigne lokale eller ved besøk heime eller på institusjon.
Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstander med nevropsykiatriske symptom (NPS).
Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk samt andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.