Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Øygarden kommune i Straume søker engasjerte medarbeidarar til faste helgestillingar med 15–20% deltidsprosent. Du vil vere del av eit tverrfagleg team som elles gir stell, pleie og omsorg til pasientar og deltek i aktivitetar saman med dei.
Fagbrev innan helse eller studiar i helsefag/sjukepleie er ønskjeleg, og gode norskkunnskapar er påkrevd. Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, utviklingsmogelegheiter og gode kommunale lønsvilkår.
Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume og er ein sjukeheim med høg fagleg kompetanse og godt arbeidsmiljø. No søkjer vi etter engasjerte nye medarbeidarar som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag på vår sjukeheim.
Vi har no fleire faste helgestillingar ledige, frå 15 til 20%.
Erfaring frå arbeid i sjukeheim eller heimeteneste
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysninger om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysninger om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.