Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Øygarden kommune søker helsefagarbeidar/student innan helse til vår kommunale korttidsavdeling ved LMS. Stillinga er i årsturnus med helge- og nattevakter, og du vil jobbe i eit tverrfagleg team for å sikre trygge pasientforløp.
Du må vere trygg i norsk skriftleg og tale (B2), vere minst 18 år, og vere open for vidare utdanning og utvikling. Vi tilbyr godt arbeidsmiljø, pensjons- og forsikringsordningar, og Startlån for rekruttering.
Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, gode assistenar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfagleg tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen.
Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Helgestillingane som her vert lyst er knytt til ei kommunal korttidsavdeling og tek i mot pasientar frå sjukehuset som treng vidare behandling og oppfølging før heimreise.
Stillinga blir lagt i årsturnus med 16 helgar og er knytt 2. etg på LMS.
Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, gode assistenar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfagleg tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen.
Øygarden lokalmedisinske senter innehold ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Helgestillingane som her vert lyst er knytt til ei kommunal korttidsavdeling og tek i mot pasientar frå sjukehuset som treng videre behandling og oppfølging før heimreise.
Stillinga blir lagt i årsturnus med 16 helgar og er knytt 2. etg på LMS.
Ønskjer søkjarar som er helsefagarbeidar eller student innan helse, men kan og vere søkjarar som er nysgjerrig på helsesektoren og som ser for seg å ta utdanning som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller anna helsefagleg utdanning på sikt. Søkjar må vere trygg i skriftleg og munnleg norsk. Krav om B-2 i norsk.
Må vere 18 år.
Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55 09 72 20
Anita Bildøy Hestad – Avdelingsleiar 481 77 990
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.