A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Øygarden kommune søkjer helsefagarbeidarar/sjukepleie studentar til 15% faste helgestillingar i heimetenesta.
Tilsetjing skjer fortløpande etter behov. Søkjar må ha fagbrev eller vere student, samt god norskkompetanse og bilførarkort. Fordelar er erfaring frå heimetenesta og personlege eigenskapar som kompetentheit og engasjement.
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske avdelingar – Straume, Skogsvåg og Ågotnes. I heimetenesta jobbar ein tett på brukarane i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innenfor geografiske områder, i team og aleine. Vi treng deg som ein kompetent medarbeidar som kan utføre omsorgsoppgåver. Vi ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver du vil møte.
Vi har fleire ledige 15% faste helgestillingar i heimetenesta. Vi ønsker deg som er helsefagarbeidar/ sjuke- vernepleiarstudent. Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning. Tilsetjing skjer fortløpande etter tenesta sitt behov.
Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56 16 05 02 / 950 71 121
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.