A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Gangstø ressurssenter i Øygarden kommune søkjer lærar i 100 % fast stilling med snarleg oppstart. Stillinga er retta mot elevar på 8.–10. trinn og inneheld planlegging, gjennomføring og evaluering av tilpassa undervisning.
Du vil vere ein del av eit tverrfagleg team, bidra til trygt og inkluderande læringsmiljø, og samarbeide tett med føresette. Det blir også krav om kontaktlæraransvar og vidareutvikling i læringsmiljø og utviklingsarbeid.
Vi søkjer lærar i 100 % fast stilling med snarleg oppstart.
Gangstø ressurssenter er ein alternativ opplæringsarena for ungdomsskulane i Øygarden kommune. Tilbodet er retta mot elevar som av ulike årsaker ikkje meistrar skulekvardagen ved heimeskulen sin. Gjennom høg grad av tilpassa opplæring, tett oppfølging og støtte frå trygge vaksne arbeider vi for å styrkje elevane si trivsel, meistring og utvikling.
Ved Gangstø ressurssenter har vi elevar frå 8.-10. trinn, med plass til åtte elevar. Her møter du eit tverrfagleg team beståande av åtte tilsette med ulik fagleg bakgrunn. Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte vaksne som ser ressursane og moglegheitene hos kvar einskild elev.
Du vil bli del av eit arbeidsmiljø med høge faglege ambisjonar, der samarbeid, utvikling og relasjonsbygging står sentralt. Samstundes vil du få ansvar og høve til å utvikle eigne styrkar og interesser.Arbeidskvardagen er variert og meiningsfull, med undervisning både på skulen og gjennom aktivitetar utanfor klasserommet. Ressurssenteret er lokalisert i Blomvåg nord i Øygarden kommune.

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Gunhild Fjell: 984 04 922
gunhild.fjell@oygarden.kommune.no
Merete Ingebrigtsen
merete.ingebrigtsen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.