Fritidskontaktar/ avlastar- Helse og velferd

Øygarden kommune Forvaltning og støtteteneste

Straume

On-site

NOK 147,000 - 307,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant
Application generator

An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.

Get past ATS filters

Job summary

Øygarden kommune Forvaltning og støtteteneste søker fritidskontakte som kan gi born og vaksne med behov ein trygg og støttande fritid. Oppdraget er vanlegvis 3–4 timar pr. veke, med tillegg av avlastning som kan vere nokre døgn månaden eller timebasis.

Me tilbyr tett oppfølging og rettleiing frå helse- og velferdstenesta. Heile oppdraget krev ein rolig og omsorgsfull vaksen som kan tilpassa seg personenes behov, byggje tillit og skape meiningsfulle aktivitetar som passar kvar enkelt.

Qualifications

  • Du må vere over 18 år
  • Førarkort og tilgang på bil er ein fordel
  • Gode munnlege norskkunnskapar

Responsibilities

  • Leggje til rette for at fritidskontakt får ei meiningsfull fritid med gode opplevingar.
  • Avlastning består av 3–4 timar per veke for oppdrag og varierer etter behov.
  • Avlastning kan vere nokre døgn i månaden eller på timebasis.

Skills

Alder 18+
Køyrerkort
Norsk muntlig

Job description

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume

Øygarden kommune har behov for fleire fritidskontaktar (støttekontaktar) i Helse og velferd som kan bidra til at andre får moglegheit til ei meir aktiv og sosial fritid. Øygarden kommune har også behov for private avlastare som kan bidra med å gi familiar eit pusterom i kvardagen.

Arbeidsoppgåver:

Leggje til rette for at den du er fritidskontakt for får ei meiningsfull fritid med gode opplevingar. Innhald og omfang vil variere ut ifrå ulike typar oppdrag og behov. Eit oppdrag vil vanlegvis omfatte 3-4 timar per veke. Avlastning varierer ut i frå omfang og behov, avlastning kan innebere nokre døgn i månaden eller på timebasis.

Eg er ein utadvendt og sosial gut på 11 år som treng ein trygg vaksenperson

Eg likar veldig godt å vere saman med andre. Eg elskar gaming, fotball og basketball, og er veldig glad i å sykle og interessert i bilar. Eg er også veldig glad i dyr, så det er eit stort pluss om du har hund eller katt. Det er også fint om du har bil. Det er ikkje noko problem om du har eigne barn.

Eg synest det kan vere vanskeleg å vere åleine, og treng derfor ein trygg vaksen som kan vere saman med meg når familien min treng litt avlasting. Eg ser etter nokon som kan hente meg på skulen på fredagar og/eller vere saman med meg på laurdagar. Avlastinga er 16 timar i tillegg til eitt døgn i månaden.

Eg kan bli ganske fort sliten, og likar derfor best ein kombinasjon av litt aktivitet og rolege aktivitetar. Vi kan til dømes game, sjå film, spele fotball eller basketball, sykle, lage mat eller berre slappe av heime. Det viktigaste for meg er å ha det hyggeleg saman med ein trygg vaksen.

Eg kan bruke litt tid på å bli trygg på nye menneske, så det er fint om du er tolmodig og let oss bli kjende i mitt tempo. Når eg først blir trygg på deg, håpar eg vi kan få mange fine opplevingar saman.

Eg treng ein vaksen som er roleg, omsorgsfull, stabil og flink til å halde avtalar.

Viss dette høyrest ut som noko for deg, håpar eg du tek kontakt, så kan vi bli kjende!

Jente på 18 som er på leit etter ny fritidskontakt

Eg er en jente på 18 år med barneautisme. Eg elsker å svømme i basseng og liker å gå stolpejakt. Ønsker ei dame med bil som kan ta meg med på bading tysdager eller torsdager.

Eg er ei glad, grei og sosial kvinne på 31 år som ønskjer fritidskontakt. Eg bur sentralt på Straume på Sotra.

Då eg nyttar rullestol og har utviklingshemming, har eg behov for en person å være saman med på fritida nokre timar i veka og som kan følgje meg for å gjere ting eg likar.

Noko av det eg likar å gjere saman med fritidskontakt er å få følgje til "klubben", gå ein tur saman med, eller ta ein tur til byen og gjerne gå på kafé. Tur til Fløyen er kjempekjekt og eg er også opptatt av dyr. Eg har egen bil.

Eg har verbalt språk, men bruker også litt 'teikn til tale' og bilete for å gjere meg forstått. Eg forstår det meste som vert sagt til meg.

Eg har dessverre ikkje hatt fritidskontakt den siste tida og det har eg sakna veldig. Eg håper å få ein ny fritidskontakt og det gler eg meg til.

Gut på 14 år som er på leit etter ein følgjesven

Eg er ein gut på 14 år som treng ein fritidskontakt. Det hadde vore kjekt om du er ein ung vaksen mann/ungdom. Eg går på ulike aktivitetar, blant anna fotball og kulturskule. Eg treng at du er med meg på ein av desse aktivitetane.

Veldig kjekt om du har sertifikat i tillegg.

Kvalifikasjoner :
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd, det er ikkje krav til utdanning og erfaring
  • Du må vere over 18 år
  • Førarkort og tilgang på bil er ein fordel
  • Du må ha gode munnlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar:
  • Vere sosialt engasjert, ha evne til å sette i gang aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre
  • Vere ein god rollemodell, vere trygg på seg sjølv og ha evne til å samarbeide og motivere
  • Ansvarsbevisst: det er viktig å halde avtalar og vere påliteleg
  • Ha fokus på meistring og brukarmedverknad
  • Ha gode samar​d​s- og kommunikasjonsferdigheiter
Vi tilbyr:
  • Ein kontaktperson i Helse og velferd som har ansvar for rettleiing og oppfølging.Rettleiing er viktig både for eigen trivsel og følelse av å meistre oppdraget, men også i høve til kvalitet og forsvarlegheit i tilbodet til tenestemottakar.
Løn:
  • Døgn 107 kr per time ,Timeavlastning og fritidskontakt er 223,95 per time
  • Utgiftsdekning: dokumenterte utgifter vert dekka inntil beløp spesifisert i oppdragsavtalen
  • Køyregodtgjersle: Som fritidskontakt kan du skrive køyring under oppdrag. Dette vert dekka etter statens regulativ inntil totale km spesifisert i oppdragsavtalen.
Anna:
  • Teieplikt – Inneber at du ikkje skal la utanforståande få kjennskap til personlege forhald rundt den du er fritidskontakt for
  • Politiattest - Det vert kravd politiattest for personar som skal yte helse- og omsorgstenester (jf. lov om kommunale helse og omsorgstjenester § 5 - 4).

Du vil få ei tilbakemelding på søknaden, og eventuelt bli kalla inn til ein samtale. Blir du godkjent som fritidskontakt kontaktar vi deg når kommunen har eit oppdrag som passer.

Øygarden kommuneønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads-eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Tednebakkane omsorgssenter
Tednebakkane omsorgssenter

Øygarden kommune Tednebakkane omsorgssenter • Rogaland fylke

On-site
NOK 279,000 - 357,000
Pensjonsordningar
Godt arbeidsmiljø
Dyktige kollegaer
+2
Psykisk helse og rus
Psykisk helse og rus

Øygarden kommune Psykisk helse og rus • Rong

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Godepensjons- og forsikringsordningar
Ein spennande arbeidsplass med godt工作s
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
+3
Straume bu og servicesenter
Straume bu og servicesenter

Arbeidsplassen • Straume

On-site
NOK 360,000 - 480,000
Gratis parkering
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Startlån for å rekruttere helseperson/
+1
PPR
PPR

Øygarden kommune PPR • Straume

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Godepensjons- og forsikringsordningar
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
+2
Kvednatunet
Kvednatunet

Øygarden kommune Kvednatunet • Ågotnes

On-site
NOK 25,000 - 35,000
Pensjonsordning
Forsikring
Startlån
Skogsvåg skule
Skogsvåg skule

Øygarden kommune Skogsvåg skule • Skogsvåg

On-site
NOK 240,000 - 320,000
Barneverntenesta
Barneverntenesta

Øygarden kommune Barneverntenesta • Straume, Øygarden

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Fleksitidsordning
Pensjons- og forsikringsordningar
Profesjonell utvikling
+1
Innkjøp
Innkjøp

Øygarden kommune Innkjøp og investering • Straume

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Pensjonsordningar
IA-bedrift
Kolleger
+2
Fritidskontaktar/ avlastar- Helse og velferd
Fritidskontaktar/ avlastar- Helse og velferd

Øygarden kommune • Straume

On-site
NOK 340,000 - 460,000
Fritidskontaktar/ avlastar- Helse og velferd
Fritidskontaktar/ avlastar- Helse og velferd

Katrine Risløw • Straume

On-site
NOK 147,000 - 309,000
Rettleiing og oppfølging
Utgiftsdekning