Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Helse Møre og Romsdal HF søker ferievikar for LIS 1/ medisinstudent med lisens til SNR/Hjelset og Molde. Du blir fordelt etter klinikkens behov og må kunne arbeide annankvar helg i ferieperioden, med 1–2 veker opplæring før oppstart. Tilsetting skjer fortløpande i sommarperioden.
Å søkje krev norsk autorisasjon- eller lisensstatus. Eitt raudt krav er gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg. Lønn etter rådande avtale og eit inkluderande, faglig sterkt miljø er delar av tiltaka.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Vi Har Behov For Ferievikar For LIS 1/medisinstudent Med Lisens i Perioden F.o.m Veke 25 T.o.m Veke 33. Det Vil Vere Behov Ved Ulike Seksjonar Ved SNR Hjelset Og i Molde
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
For meir informasjon om vår region, sjå her.
Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
DPS Molde - Knausensenteret, Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde, Norge
Geir Magne Nødtvedt
Overlege psykiatri
E-post: geir.magne.nodtvedt@helse-mr.no
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa" di.
Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Les meir om oss på www.helse-mr.no