Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF søkjer ferievikar for LIS 1 eller medisinstudent med lisens. Sommervikarar vert fordelt etter klinikken sitt behov ved SNR Hjelset og Molde, med oppstart i veke 25 og avslutning i veke 33.
Du må ha norsk autorisasjon eller lisens og ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. Arbeidsplassen tilbyr høgt fagleg nivå, godt arbeidsmiljø og eit inkluderande fellesskap.
Ferievikar
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Vi Har Behov For Ferievikar For LIS 1/medisinstudent Med Lisens i Perioden F.o.m Veke 25 T.o.m Veke 33. Det Vil Vere Behov Ved Ulike Seksjonar Ved SNR Hjelset Og i Molde
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Søknadsfrist: 31.01.2027
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Stad: Hjelset, Molde
Stillingstittel: Ferievikar 2027 - Vikar for LIS 1/ medisinstudent med lisens
Tilsetjingsform: Ferievikar
For meir informasjon om vår region, sjå her.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
DPS Molde - Knausensenteret
Nøisomhedvegen 12
6416 Molde
Norge
Geir Magne Nødtvedt
Overlege psykiatri
E-post: geir.magne.nodtvedt@helse-mr.no
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no.