Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Møre og Romsdal HF søker ferievikarer for LIS1/medisinstudent med lisens til sommeren ved Sentrallaboratoriet og klinikkane i regionen. Du vert fordelt etter klinikkane sine behov, med krav om å arbeide annankvar helg og gjennomføre nødvendig opplæring før ferieperioden.
Som ferievikar må du levere attestar og vitnemål som vedlegg, og vere villig til å bidra i eit faglig sterkt tverrfagleg miljø. Søkjarar vert vurderte fortløpande og tilsetting skjer etter behovene i dei aktuelle
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Vi har behov for vikar for LIS1/ medisinstudent med lisens. Ortopediske leger har også behov for vikar for LIS3.
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Søknadsfrist 31.01.2027
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stad Hjelset
Stillingstittel Ferievikar 2027 - Vikar for LIS/ medisinstudent med lisens
Tilsetjingsform Ferievikar
Webcruiter-ID 5209654135
Sosial Deling Del på X | Del på LinkedIn | Del på Facebook | Del på e-post
For meir informasjon om vår region, sjå her.
Adresse: Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Solfrid Snowball
Seksjonsleder
E-post: Solfrid.Snowball@helse-mr.no
Kirsti Sevaldsen
Seksjonsleder (lege)
E-post: Kirsti.Sevaldsen@helse-mr.no
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no