Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Møre og Romsdal HF søker ferievikarar for sommaren 2027 ved Sjukepleie- og Medisinske avdelingar i SNR Hjelset.
Du blir fordelt etter klinikkane sine behov og må rekne med å arbeide annankvar helg. Opplæring kan kome i forkant av ferieperioden, og søknaden bør inkludere tidspunkt i perioda du ønskjer å arbeide.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
SNR Hjelset Treng Ferievikarar Til Ulike Stillingar Sommaren 2027. Vi Treng Sjukepleiarar, Barnepleiarar, Helsefagarbeidarar, Pleieassistentar, Assistentar Og Studentar Innan Sjukepleie Og Medisin. Det Er Behov Ved Desse Seksjonane i Perioden F.o.m. Veke 22 T.o.m. Veke 35
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vil du bli fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Søknadsfrist 31.01.2027
Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF
Stad Hjelset
Stillingstittel Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
Tilsetjingsform Ferievikar
Adresse: Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt flere omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "Pa lag med deg for helsa" "di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no