Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Helse Møre og Romsdal HF søker ferievikar 2027 for LIS/ medisinstudent med lisens ved kirurgiske og ortopediske avdelingar. Stillinga krev norsk autorisasjon eller lisens og god språkferdigheter. Du vil verte tilsett som ferievikar og fordelt etter klinikkane sine behov.
Det må oppgje kvar og når i søknaden, og ein må rekne med å arbeide annankvar helg. Oppgåver inkluderer 1–2 veker opplæring før ferieperioden, og attestar/vitnemål lastast opp til CV.
Ferievikar
Søk på stillinga (i ny fane)
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Vi har behov for vikar for LIS1/ medisinstudent med lisens. Ortopediske leger har også behov for vikar for LIS3.
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønsker å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
31.01.2027
Helse Møre og Romsdal HF
Hjelset
Ferievikar 2027 - Vikar for LIS/ medisinstudent med lisens
Ferievikar
Adresse: Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Seksjonsleder
E-post: Solfrid.Snowball@helse-mr.no
Seksjonsleder (lege)
E-post: Kirsti.Sevaldsen@helse-mr.no
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no