A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF søkjer ferievikar for LIS 1 eller medisinstudent med lisens i perioden veke 25–33. Arbeidet fordelast ved SNR Hjelset og Molde, ved akuttpsykiatri, sikkerhetspsykiatri, psykosbehandling, allmenn- og alderspsykiatri og DPS Molde.
Tilsetjing skjer fortløpande; søknaden bør vise preferert seksjon og tid i perioden. Ein må vere villig til å arbeide annankvar helg, og det kan vere 1–2 vekers opplæring før ferieperioden.
Vil DU bli vår kollega til sommaren?Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Vi har behov for ferievikar for LIS 1/medisinstudent med lisens i perioden f.o.m veke 25 t.o.m veke 33.Det vil vere behov ved ulike seksjonar ved SNR Hjelset og i Molde:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskar å arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
For meir informasjon om vår region, sjåher.
Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, geir.magne.nodtvedt@helse-mr.no
Opdølvegen 4
6450Hjelset
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5213558142
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlegespesialisthelsetenestai Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere"På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkjekontakt medannonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no