Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Møre og Romsdal politidistrikt søkjer ein fag- og opplæringsansvarleg som kan følgje opp fag og metode og drive kompetansehevande tiltak ved operasjonssentralen.
Du vil inngå i ein tre-delt turnus i helg og ved ferieavvikling, og du inngår i seksjon for operativ styring med oppmøtestad i Ålesund. Noko reiseverksemd kan forekomme.
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringsssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i distriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar fra publikum og samvirkeaktørar. Som fag- og opplæringsansvarleg vil du ha ansvar for å følgje opp fag og metode, drive kompetansehevande tiltak og legge til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring knytt til arbeidet ved operasjonssentralen. Det vil vere viktig å etablere eit godt samarbeid med andre fag- og opplæringsansvarlege i politidistriktet, samt andre relevante samarbeidspartnarar internt og eksternt.
Du må pårekne å delta noko i det ordinære arbeidet på operasjonssentralen ved behov. Du vil inngå i ein tredelt turnus i helg og ved ferieavvikling.
Felles eining for operative tenester (FOT) består av seksjon for operativ styring med operasjonssentralen og sentralbord, og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga ligg til seksjon for operativ styring med oppmøtestad i Ålesund. Noko reiseverksemd kan forekomme.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess hos oss.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglement for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.