Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vest politidistrikt søker politi for grunnstillingar i Hordaland. Stillinga omfattar patrulje, etterforsking og førebygging, med vaktordning og beredskapsberedskap.
Vi søkjer kandidatar med IP-godkjenning eller villigheit til å bli godkjent, samt førarkort klasse B og plettfri vandel. Lønna vert oppgjeven i politibetjent-klassane med gode utviklingsmuligheiter i staten.
Stillingstittel Grunnstilling politi - Geografisk driftseining Hordaland
I Vest politidistrikt, Geografisk driftseining Hordaland (GDE-H), er det ledige stillingar som politibetjent, både faste og moglege vikariat, på fleire av einingas politistasjonar. GDE-H består av politistasjonsdistrikta Hardanger, Kvinnherad, Bjørnafjorden med Austevoll, (skal flyttast til GDE Bergen frå 01.01.27), Kvam/Samnanger/Tysnes, Voss og Nordhordland med Masfjorden. Alle stillingane er grunnstillingar, kor alle er kombinerte stillingar der ein jobbar både med førebygging, etterforsking. etterretning og patrulje, og alle har ei vaktordning med bruk av beredskapsvakt. I denne utlysinga er det kun desse stasjonane som rekrutterar i grunnstillingar politi:
Kvinnherad: Kvinnherad politistasjonsdistrikt dekker Kvinnherad kommune med 13.200 innbyggjarar. Vi har mykje geografi fra sjø til fjell og isbre, som gir eit mangfald av frilufts moglegheiter. Politistasjonen ligg på Husnes som er den største tettstaden i kommunen, med bl.a. Hydro Husnes, handlesenter, skulesenter, m.v. Stasjonen samarbeider med Hardanger politistasjon, samt Sør-Vest PD som vi grensar til.
Kvam, Samnanger og Tysnes: Kvam, Samnanger og Tysnes politistasjonsdistrikt gjev polititenester for omlag 19.000 innbyggarar i kommunane Kvam, Samnanger og Tysnes samt gamle Fusa kommune i Bjørnafjorden og Ølve/Hatlestrand i Kvinnherad.Eininga har politistasjonar i Kvam, Fusa og Tysnes.
Voss: Voss dekker kommunane Eidfjord, Ulvik, Voss og Vaksdal. Politistasjonen ligger på Voss. Me har ansvar for eit stort område med mange tettstader, mykje fjell og fleire viktige ferdselsårar mellom Oslo og Bergen.
Vest politidistrikt gjennomgår ei omorganisering og det kan bli endringar i politistasjonsdistrikta.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
GDE Hordaland består av flotte fjell og djupe fjordar. Her er friluftsmoglegheiter for alle, både sommar og vinter. Me ser etter deg som vil jobbe som generalist i dette området. Du synast, som oss, at det er spennande å kunne være både på patrulje, etterforske og ha ein forebyggande samtale, alt på same dag.
I tillegg har vår GDE karrieremoglegheiter innan m.a. etterforsking, UEH, redningsteneste, litt etter kva politistasjon du er tilsett ved.
Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
Det er også ønskjeleg med:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar fra kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.