A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Odda sjukehus i Helse Fonna søkjer ein engasjert avdelingsoverlege som kombinerer klinisk arbeid med fagleg leiarskap. Du blir sentral pådrivar for fagutvikling, kvalitet og pasientsikkerheit og ein viktig rådgivar for leiinga på tvers av profesjonar.
Du får moglegheit til å påverke utviklinga av medisinske tenester ved eit lokalsjukehus med akuttfunksjonar og sterke tradisjonar. Vidare blir du involvert i rekruttering, utdanning og kompetansebygging, medan leiarerfaring er ein fordel, men ikkje
Vil du vere med å forme framtida for eit av Norges mest unike lokalsjukehus?
Ved Odda sjukehus har vi no ei unik moglegheit for deg som ønskjer å kombinere klinisk arbeid med fagleg leiarskap. Vår avdelingsoverlege går av med pensjon, og vi søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert spesialist som vil ta stafettpinnen videre. Som avdelingsoverlege blir du ein sentralpådrivar for fagutvikling, kvalitet og pasienttryggleik, samtidig som du får vere ein del av eit tett og inkluderande fagmiljø på tvers av profesjonar.
Her får du påverke utviklinga av medisinske tenester ved eit moderne lokalsjukehus med viktige akuttfunksjonar og sterke tradisjonar. Du vil få ei viktig rolle i rekruttering, utdanning og fagutvikling, og vere ein sentral fagleg rådgivar for leiinga.
I Odda får du høve til å kombinere spennande medisinsk arbeid med ein unik livsstil. Her har du nærleik til fjord, fjell, ski og friluftsliv året rundt. Trolltunga, Folgefonna og Hardangervidda ligg rett utenfor døra. Samstundes blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med tett samarbeid på tvers av spesialitetar.
Vi ønskjer deg som ser moglegheiter, tek ansvar og vil vere med å videreutvikle framtida for medisinske tenester ved Odda sjukehus.
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi oppmodnar alle søkjarar til å nytteVitnemålsportalen(www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.