A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Kirurgisk og medisinsk post ved Odda sjukehus søkjer sjukepleiarar til eit spanande og variert arbeidsmiljø. Arbeidet inneber både pre- og postoperativ omsorg, dokumentasjon og tett samarbeid med lege- og fysioterapimiljøet.
Avdelinga tilbyr fleksible turnusordningar, god fagleg utvikling, bustadstøtte og moglegheiter til å påverke eigen arbeidsdag. Ver naståande og delta i eit inkluderande team som set pasienten i fokus.
Fast jobb, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt!
Likar du at dagane flyg av garde fordi du alltid har noko viktig å bidra med? Hos oss er ingen dagar heilt like. Nokre dagar er det fullt trøkk og høgt tempo, medan andre gir tid til gode faglege refleksjonar og ein prat med kjekke kollegaer. Vi tilbyr òg langvakter, og du får vere med og påverke din eigen turnus. Kanskje er dette arbeidsplassen for deg?
Avdelinga vår har 9 sengeplassar, samt 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.
Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utenfor døra.
Hos oss er det viktig at du:
Vi legg vekt på personleg eignaheit.
Jo, fordi vi har:
Kristin Espe Jensson,Fagutviklingssykepleier,53651013, kristin.espe.jensson@helse-fonna.no
Andreas Jacobsen,Funksjonsleiar,40518183, andreas.jacobsen@helse-fonna.no
Sjukehusvegen 10
5750ODDA
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5194513472
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 22.02.2027
Søknadsfrist: 06.11.2026
I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og ti ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no . Følg oss også gjerne på facebook.com/helsefonna .
Odda er ein kulturby med naturskjønne omgivnader. Det er moglegheiter for mange ulike aktivitetar året rundt: Turar i fjellet, toppturar, Trolltunga og klatring i Via Ferrata, og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet er rikt og variert, som til dømes Litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og blueshelg.