Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Fonna i Haugesund søker ein fagperson til Familieambulatoriet ved Haugesund sjukehus. Vi tilbyr eit tverrfagleg samarbeid og eit trygt arbeidsmiljø der gravide, småbarns-familiar og familiar i vanskelege livssituasjonar får støtte.
Du vil følgje opp familiar frå graviditet til barnet er seks år, delta i undersøkingar samansett med lege og psykolog, og medverke til utvikling av tenesta. Søkjar bør ha høgskuleutdanning og interesse for tverrfagleg samarbeid.
Vil du vere med og gjere ein forskjell for både små og store – heilt frå starten av livet?
I Familieambulatoriet på Haugesund sjukehus jobbar vi for å gi god støtte til gravide og småbarnsfamiliar som står i ekstra krevjande livssituasjonar. No ser vi etter ein ny kollega som vil vere med oss i dette viktige arbeidet.
Hos oss møter du eit tverrfagleg team med stort engasjement og fagleg tyngde – og ikkje minst: kollegaer som ser kvarandre, løftar kvarandre og har det fint saman på jobb.
Vi gir eit lågterskeltilbod til familiar der ein eller begge foreldre har utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Vi følgjer familien fra graviditet og heilt til barnet er seks år – og vi er med på å koordinere hjelpa som trengst i kommune- og spesialisttenesta. Det må påreknast noko ambulant verksemd.
Du blir ein del av ein inkluderande arbeidskvardag med relasjonsbygging, familie- og nettverksarbeid og rom for fagleg utvikling.
Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.