A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Lærdal sjukehus i Sogn og fjordane søkjer sjukepleiarar til medisinsk sengepost og dialyse. Det er snakk om både 80% fast og 100% vikariat med oppstart snarast eller 01.09.2027/01.11.2026–01.11.2027, og eit 90% vikariat i same periode.
Stillingane ligg tilpassa behov, og søkjarane bes om å opplyse kva for stilling(ar) dei ønskjer. Sengeposten har 14 senger og dialysen er open måndag–laurdag, med gode mulegheiter for fagleg utvikling og utvikling i samspel over avdelingane.
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte?
Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg!
No søkjer vi sjukepleiarar til ledige stillingar ved medisinsk sengepost og dialyse.
Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte. Vi ber om at søkjarane opplyser i søknaden kva for stilling(ar) dei ønskjer å bli vurderte for.
Om medisinsk sengepost
Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp.
Om dialysen
Dialysen er open mandag til lørdag.
Kva kan vi tilby deg ved Lærdal sjukehus
Hos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter.
Bu og arbeide i Lærdal
Lærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utenfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her: Lærdal kommune.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiaren
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi oppfordrer alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.