Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Stavanger søker erfarne sjukepleiarar til vår kreftavdeling i Rogaland. Du vil arbeide dagleg på kreftpoliklinikken og bidra i sengepost når det er behov.
Vi ser etter personar med norsk autorisasjon som sjukepleiar, som kan håndtere krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik, og som møter pasientar og pårørande med respekt og omtanke.
Kjenner du deg igjen?
Du likar å vere der for pasientane - i både medgang og motgang - og har eit sterkt ønske om å utvikle deg fagleg. Når du ser at innsatsen din gjer ein forskjell for andre, trivst du best. Du handterer krevjande situasjonar med ro, samarbeider godt med kollegaer frå ulike fagfelt og ønskjer å vere del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement.
Variasjonen er stor hos oss - du jobbar til dagleg på kreftpoliklinikken, og kvar fjerde helg er du på sengepost og følgjer opp pasientane der. Slik får du ein fin kombinasjon av tryggleik, læring og pasientnær erfaring.
Her får du moglegheita til å gjere ei skilnad i livet til pasientar og pårørande som står i ein krevjande livssituasjon - noko som gjer arbeidet både meiningsfullt og lærerikt.
Vi har spennande tider i vente! I 2027 flyttar vi inn i toppmoderne lokale - og blir del av ei ny, framtidsretta kreftavdeling for både poliklinikk og sengepost.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.