Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Statens vegvesen søker automasjonsingeniør for drift og vedlikehald av automasjonstekniske installasjonar langs vegen og i tunnelar. Du følgjer opp entreprenørar og vedlikehaldsprosjekt, og sikrar etterleving av elektroforskrifter.
Kontorstad blir Ålesund, Ørsta eller Molde, med Trondheim som vurderingsstad. Me tilbyr fleksibel arbeidstid, god pensjon og moglegheiter til fagleg utvikling.
I Statens vegvesen står vi midt i ei teknologisk utvikling, kor vi byggjer og driftar avanserte styringssystem som gjer vegnettet smartare og meir effektivt. No ser vi etter deg som har lyst til å bidra til dette viktige arbeidet, som automasjonsingeniør!
Med eit høgt trafikkert hovudvegnett og eit stadig aukande tal tunnelar, har vi i seksjon Drift midt fokus retta mot ei sikker avvikling av trafikken. Dette blir mellom anna løyst gjennom avanserte styrings- og overvakingssystem, basert på ein god elektroinfrastruktur langs vegnettet.
Kontorstad for stillinga vil fortrinnsvis vere i Ålesund, Ørsta eller Molde. Kontorstad Trondheim kan vurderast.
Stillinga omfattar drift og vedlikehald av automasjonstekniske installasjonar langs veg og i tunnel, og dessutan oppfølging av entreprenørar og vedlikehaldsprosjekt i ulike storleikar.
Arbeidet skjer i samarbeid med dyktige kollegaer og prosjektleiarar, og du vil ha høve til å påverke val av tekniske løysingar innan faget
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
Du må ha:
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Personlege eigenskapar:
Vi vil leggje vekt på at du har gode samarbeidsevner, ettersom du skal samhandle tett med både interne og eksterne aktørar. I tillegg er det viktig at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø. For å lykkast og trivast i stillinga må du òg kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og trivast med ein arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver. Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innen vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferje. Vi er ein digital, kompetent og profesjonell vegeigar som tek vare på og utviklar riksvegane.
Drift og vedlikehald har rundt 900medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 17milliardar kroner. Les meir om divisjon Drift og vedmakehald her