Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Statens vegvesen i Bergen søker ein samhandlingsrådgivar og prosessleiar som vil jobbe tett på byggherre og entreprenør for å utvikle effektive prosjektorganisasjonar. Rollen inneber reiseverksemd og høg fleksibilitet, med flytting mellom lokasjonar ved behov.
Du vil inngå i avdeling Kontrakt og marknad hos Utbyggingsdivisjonen. Søknaden krev relevant utdanning, og erfaring med prosessleiing og konfliktførebygging. Delegasjon og utvikling står sentralt.
Vi søkjer ein engasjert og kompetent rådgivar i rolla som prosessleiar. Du brenn for å utvikle gode samarbeidsarenaer, styrkje relasjonar og bidra til effektive og velfungerande prosjektorganisasjonar. Rolla inneber arbeid tett på både byggherre og entreprenør, og du blir ein viktig bidragsytar for å førebyggje konfliktar og sikre gode prosessar i komplekse prosjekt.
Du vil få høve til å komme tett på nokre av dei største vegprosjekta våre i heile landet. Det er derfor viktig at du vil trivast med ein del reiseverksemd og at uventa behov kan oppstå. Til gjengjeld får du mykje fleksibilitet, tillit og høve til å tilpasse kvardagen din.
Som samhandlingsrådgivar og prosessleiar vil du bli ein del av avdeling Kontrakt og marknad hos Utbyggingsdivisjonen.
Arbeidsted for stillinga er kontorstad Bergen, men for spesielt kvalifiserte søkjarar kan andre lokasjonar bli vurderte.
Reising må påreknast.
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:

Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Du må ha
Om du kan vise til lang og relevant erfaring, kan dette kompensere for utdanningskravet.
Det er i tillegg ønskjeleg at du har
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine fråHKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Personlege eigenskapar:
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innen vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.