A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Statens vegvesen i Ålesund/Molde-regionen söker automasjonsingeniør for drift og vedlikehald av installasjonar langs veg og tunnelar. Du vil vere fagleg ressursperson innan automasjon og ha ansvar for PLS, SCADA og OT-nettverk, samt å følgje opp entreprenørar og vedlikehaldsprosjekt.
Arbeidet krev spesialistar som sikrar etterleving av elektroforskrifter og FDV-dokumentasjon, med moglegheit for byggjeleiaransvar for rett kandidat. Kontor kan vere Molde/Ålesund, Trondheim kan vurderast.
I Statens vegvesen står vi midt i ei teknologisk utvikling, kor vi byggjer og driftar avanserte styringssystem som gjer vegnettet smartare og meir effektivt. No ser vi etter deg som har lyst til å bidra til dette viktige arbeidet, som automasjonsingeniør!
Med eit høgt trafikkert hovudvegnett og eit stadig aukande tal tunnelar, har vi i seksjon Drift midt fokus retta mot ei sikker avvikling av trafikken. Dette blir mellom anna løyst gjennom avanserte styrings- og overvakingssystem, basert på ein god elektroinfrastruktur langs vegnettet.
Statens vegvesen har ansvar for å planleggje, prosjektere, setje i verk og drifte både infrastrukturen og systema. Hos oss får du med andre ord jobbe med mange spennande oppgåver innan automasjon!
Kontorstad for stillinga vil fortrinnsvis vere i Ålesund, Ørsta eller Molde. Kontorstad Trondheim kan vurderast.
Stillinga omfattar drift og vedlikehald av automasjonstekniske installasjonar langs veg og i tunnel, og dessutan oppfølging av entreprenørar og vedlikehaldsprosjekt i ulike storleikar.
Arbeidet skjer i samarbeid med dyktige kollegaer og prosjektleiarar, og du vil ha høve til å påvirke val av tekniske løysingar innan faget
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle - for deg og meg - og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine fråHKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning - jobb i Norge | HK-dir
Vi vil leggje vekt på at du har gode samarbeidsevner, ettersom du skal samhandle tett med både interne og eksterne aktørar. I tillegg er det viktig at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø. For å lykkast og trivast i stillinga må du òg kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og trivast med ein arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver. Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.