Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Olav Sigurd Sveen i Harstad søker en kontraktsansvarleg i driftsfasen av OPS-kontrakten på E10 Hålogalandsvegen. Stillinga er plassert i divisjon Drift og vedlikehald med kontor i Harstad.
Du vil følgje opp totalleveransane og sikre tilgjengelegheit og kvalitet for trafikkantane. Du samarbeider tett med OPS-selskapet og relevante fagmiljø i Statens vegvesen, handterer endringar i kontrakten og handsamar budsjettoppfølging saman med leiar.
Ønskjer du å arbeide i teamet vårt på eit av dei største vegprosjekta i Nord-Noreg – med fokus på tilgjengelegheita til vegen, kvalitet og eit godt samarbeid?
Som kontraktsansvarleg i driftsfasen av OPS-kontrakten (offentleg privat samarbeid) på E10 Hålogalandsvegen vil du få ei sentral rolle i oppfølginga. Strekninga er totalt 82 km lang. Dei første 22 km opnar i 2026 – noko som gir deg høve til å vere med allereie frå oppstarten og vidare når heile strekninga opnar etter planen i 2028. Du vil jobbe tett med OPS-selskapet, interne fagmiljø og andre interessentar for å sikre at kontrakten blir følgd opp på ein god måte.
Stillinga er plassert i divisjon Drift og vedlikehald, med kontorstad i Harstad.
I denne rolla vil du få ansvar for oppfølging av totalleveransane i OPS-kontrakten i driftsfasen. Oppgåva vår er å sikre tilgjengelegheit og kvalitet til trafikantar og andre brukarar av strekninga. Ettersom OPS selskapet har eit totalansvar for finansiering, prosjektering, bygging og dessutan drift og vedlikehald er oppfølginga vår over eit breitt og variert felt med mange spennande oppgåver.
Du kjem til å gjere følgjande:
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Du må ha:
Omfattende og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
Arbeidsspråket er norsk, men vi ønskjer evne til å kunne bruke engelsk i arbeidssamanheng ved behov.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine fråHKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Personlege eigenskapar:
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.