Kontraktsrådgiver for entreprisekontrakter

Statens vegvesen

Stavanger

On-site

NOK 700,000 - 900,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant
Application generator

A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Fleksitid
Pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstida

Job summary

Statens vegvesen søkjer ein rådgjevar til Kontrakt og marknad. Stillinga gir ein sentral rolle i store og komplekse prosjekt som byggjer framtidas infrastruktur, med oppfølging av entreprisekontraktar og rådgjeving tett på prosjekta og menneska som skal få dei til å lukkast.

Arbeidsstad er Stavanger, Arendal, Bodø, Bergen eller Tønsberg med planlagd behov for reise til Kristiansand i ein periode på 1–2 år frå oppstart. Vi tilbyr utvikling og påverknad i eit sterkt fagmiljø i Utbyggingsdivisjonen.

Qualifications

  • Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, økonomi eller jus; omfattande erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Gode nynorsk skriftlege og munnlege framstillingsevner.
  • Erfaring med forhandlingar og handtering av kontraktsmessige problemstillingar i gjennomføringsfasen.

Responsibilities

  • Delta i utvikling av anskaffingar, kontraktar og rammeverk som handbøker, vegledarar og andre dokument knytte til entrepriserett og kontraktsrett som Kontrakt og marknad har ansvar for.
  • Samarbeide tett med prosjekta og menneska som skal få dei til å lukkast.
  • Påverke korleis store utbyggingsprosjekt blir gjennomførte gjennom kontraktsrådgjeving og oppfølging av entreprisekontraktar.

Skills

Kontraktsrådgiving
Entreprisrett
Prosjektstyring
Anskaffingar
Samhandling
HMS
Lønns- og arbeidsvilkår
Klima og miljø
Marknadskontakt
Analyser

Education

Relevant høgare utdanning (ingeniør, økonomi eller jus)

Job description

Vil du forma kontraktane i nokon av Noregs største utbyggingsprosjekt?

Vi søkjer ein rådgjevar til Kontrakt og marknad – og gir deg moglegheita til å få ei sentral rolle i store og komplekse prosjekt som byggjer framtidas infrastruktur. Hos oss jobbar du med kontraktsrådgjeving og oppfølging av entreprisekontraktar, tett på prosjekta og menneska som skal få dei til å lukkast.

Kontrakt og marknad er eit sterkt fagmiljø i Utbyggingsdivisjonen. Vi gir råd, utviklar rammeverk og byggjer kompetanse på tvers av prosjekta. Vi jobbar med alt frå prosjektstyring, anskaffingar og entrepriserett til samhandling, HMS, lønns- og arbeidsvilkår, klima og miljø samt marknadskontakt og -analysar.

Her får du ikkje berre brukt fagkompetansen din – du får vere med og påverke korleis nokre av Noregs viktigaste samfunnsprosjekt blir gjennomførte.

Arbeidsstad:
Stillinga har arbeidsstad ved Statens vegvesen sine kontor i Stavanger, Arendal, Bodø, Bergen eller Tønsberg.

Denne stillinga er for tida planlagd å bistå eit større utbyggingsprosjekt i Kristiansand. For denne stillinga må det difor påreknast regelmessig, normalt vekentleg, reiseverksemd til Kristiansand i ein periode på om lag 1–2 år frå oppstart.

Vil du vite meir om oss og rekrutteringsprosessen?

Bli kjend med oss, høyr kvifor kollegaene våre trivst, og få eit innblikk i rekrutteringsprosessen vår.

  • Delta i utvikling av anskaffingar, kontraktar og rammeverk som handbøker, vegledarar og andre dokument knytte til entrepriserett og kontraktsrett som Kontrakt og marked har ansvar for.
Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.

Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
  • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordninger og gunstige lån.
  • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.

Du må ha:

  • Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Fortrinnsvis innanfor ingeniørfag, økonomiske eller juridiske fag. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt.

Det er ein fordel om du også har erfaring med forhandlingar og handtering av kontraktsmessige problemstillingar i gjennomføringsfasen.

Vi legg vekt på motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.

Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som trivst med å samarbeide på tvers av fagområde, deler gjerne av kunnskapen din og ønskjer å bidra aktivt til fagleg utvikling og erfaringsdeling.

Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Krav til søknaden

Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.

Testar og bakgrunnssjekk

For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.

Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnsjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnsjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.

Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.

Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Kontraktsrådgivar for entreprisekontraktar
Kontraktsrådgivar for entreprisekontraktar

Statens vegvesen • Norway

Remote
NOK 700,000 - 900,000
Fleksitid og avspasering
God pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstida
+2
Kontraktsrådgiver Bodø
Kontraktsrådgiver Bodø

Statens vegvesen • Bodø

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Fleksitid
Pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstiden
+2
Kontrollingeniører E134 Vågsli-Seljestad
Kontrollingeniører E134 Vågsli-Seljestad

Vegvesen • Røldal

On-site
NOK 700,000 - 970,000
God pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstida
Relevant høgare utdanning frå høgskule
Kontorsjef for trafikant- og førarprøvetenester
Kontorsjef for trafikant- og førarprøvetenester

Statens vegvesen • Norway

Remote
NOK 900,000 - 1,100,000
Fleksitid og avspasering
God pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstida
+1
Kontraktsrådgivar for entreprisekontraktar
Kontraktsrådgivar for entreprisekontraktar

Statens vegvesen - Norwegian Public Roads Administration • Stavanger

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Fleksitid
Pensjonsordning
Trening i arbeidstida
+2
Kontraktsrådgivar for entreprisekontraktar
Kontraktsrådgivar for entreprisekontraktar

Elizabeth Ann Haugen Calder • Stavanger

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Fleksitid
Pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstida
+2
Vil du være en faglig drivkraft for gode anskaffelser?
Vil du være en faglig drivkraft for gode anskaffelser?

Statens vegvesen • Moss

On-site
NOK 700,000 - 970,000
Fleksitid og avspasering
Pensjonsordning og lån
Kurs og videreutdanning
Kontraktsrådgiver Bodø
Kontraktsrådgiver Bodø

Statens vegvesen - Norwegian Public Roads Administration • Bodø

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Fleksitid og avspasering
God pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstiden
+2
Samlingsforvalter
Samlingsforvalter

Statens vegvesen • Dal

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Fleksitid og avspasering
Pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstiden
+2
Seksjonsleder Vedlikehold øst
Seksjonsleder Vedlikehold øst

Statens vegvesen • Drammen, Moss, Oslo

On-site
NOK 900,000 - 1,150,000
Fleksitid og avspasering
God pensjonsordning og lån
Trening i arbeidstiden
+1