Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Statens vegvesen søkjer ein kontraktsansvarleg i drift og vedlikehald for E10 Hålogalandsvegen. Stillinga er plassert i Harstad og involverer oppfølging av OPS-kontrakten, med fokus på tilgjengelegheit, kvalitet og godt samarbeid mellom partar.
Arbeidet krev norskkunnskap, god kommunikasjon og evne til tverrfagleg koordinering. Du vil samarbeide med OPS-selskapet og interne fagmiljø, handtere endringar og følge budsjett saman med seksjonsleiar.
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferje. Vi er ein digital, kompetent og profesjonell vegeigar som tek vare på og utviklar riksvegane.
Drift og vedlikehald har rundt 900 medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 17 milliardar kroner. Les meir om divisjon Drift og vedlikehald her
Ønskjer du å arbeide i teamet vårt på eit av dei største vegprosjekta i Nord-Noreg – med fokus på tilgjengelegheita til vegen, kvalitet og eit godt samarbeid?
Som kontraktsansvarleg i driftsfasen av OPS-kontrakten (offentleg privat samarbeid) på E10 Hålogalandsvegen vil du få ei sentral rolle i oppfølginga. Strekninga er totalt 82 km lang. Dei første 22 km opnar i 2026 – noko som gir deg høve til å vere med allereie frå oppstarten og vidare når heile strekninga opnar etter planen i 2028. Du vil jobbe tett med OPS-selskapet, interne fagmiljø og andre interessentar for å sikre at kontrakten blir følgd opp på ein god måte.
Stillinga er plassert i divisjon Drift og vedlikehald, med kontorstad i Harstad.
I denne rolla vil du få ansvar for oppfølging av totalleveransane i OPS-kontrakten i driftsfasen. Oppgåva vår er å sikre tilgjengelegheit og kvalitet til trafikantar og andre brukarar av strekninga. Ettersom OPS selskapet har eit totalansvar for finansiering, prosjektering, bygging og dessutan drift og vedlikehald er oppfølginga vår over eit breitt og variert felt med mange spennande oppgåver.
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Du må ha:
Omfattende og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
Arbeidsspråket er norsk, men vi ønskjer evne til å kunne bruke engelsk i arbeidssamanheng ved behov.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine fra HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.