Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kraftmuseet søkjer ein allsidig administrasjonskonsulent til å styrke den operative drifta ved museet i Tyssedal. Du blir ein viktig knutepunkt mellom avdelingane og offentlege instansar, med ansvar for varierte administrative oppgåver og støtte til fagmiljøet.
Du har fagbrev eller relevant utdanning og 1–2 års erfaring, god rekneskapsforståing og tryggleik i digitale verktøy, samt god nynorsk skriftleg framstelling. Stillinga er fast og 100 % med kontorarbeid i Ullensvang.
Er du den som held orden på fakturaene, finn løysinga når fagsystemet ikkje vil samarbeide, og samtidig blir nysgjerrig på kva ein kan få til med eit gammalt fotoarkiv? Då kan du vere personen me søkjer etter. Kraftmuseet styrkjer no administrasjonen og søkjer ein allsidig administrasjonskonsulent, som vil vere med og sikre ei stødig drift av eit mellomstort museum med store oppgåver.
Som administrasjonskonsulent rapporterer du til direktør og arbeider i eit tett tospann med administrasjonsleiar. Du blir eit knutepunkt mellom avdelingane ved museet, offentlege instansar og samarbeidspartnarane våre. Kvardagen vil innehalde varierte administrative oppgåver.
Vi søkjer deg som har solid administrativ forståing og trivst med strukturert rutinearbeid, samtidig som du er løysingsorientert og fleksibel når kvardagen krev det. Vi trur du er positiv, nysgjerrig og open, og er god på å skape relasjonar. Det er nok ein fordel om du har interesse for kulturarv og museumsfeltet. Rolla kan over tid utviklast mot eit breiare administrativt ansvar for rett person.
Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer.
Arbeidsstaden er Tyssedal i Ullensvang kommune. Stillinga er fast og 100 %, med 37,5 timars arbeidsveke. Det er lagt opp til fysisk oppmøte, med fleksibilitet ved særskilde behov.
Tiltreding etter avtale.