Avdelingsleiar bygg og anlegg

Kraftmuseet

Tyssedal

On-site

NOK 900,000 - 1,200,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordning i KLP

Job summary

Kraftmuseet i Tyssedal søker avdelingsleiar bygg og anlegg som kan leie drift, vedlikehald og prosjekt på museets bygg og anlegg i Tyssedal og Odda. Rollen er både praktisk og strategisk, med ansvar for planlegging og gjennomføring i eit landskjennskapleg kulturminnevernmiljø.

Du blir leiar for ein avdeling på fire fagarbeidarar og vert viktig i utviklinga av tiltaka som bidrar til å ta vare på kulturminne av nasjonal verdi.

Qualifications

  • Utdanning innan byggfag eller relaterte yrkesfelt
  • Erfaring med komplekse byggjeprosjekt og leiing
  • God kjennskap til norsk plan- og lovverk
  • Kunnskap om kulturminnevern kan vere nyttig

Responsibilities

  • Leie og motivere avdelinga med fire faste medarbeidarar
  • Planleggje årshjulet for drift og vedlikehald og følge opp prosjekt
  • Bistå med søknader om tilskot og offentlege anbod
  • Ha god dialog med vernemyndigheiter og eksterne rådgjevarar
  • Ha oversikt over prosjekt, prioriteringar og ressursar

Skills

Prosjektleiing
Teamleiing
Norskkunnskap – flyt
Førarkort B
Prosjekteringsverktøy
byggfagleg kompetanse

Education

Byggingeniør
Arkitekt
Fagbrev som tømrar/snikkar med meister

Tools

Prosjekteringsverktøy (CAD/BIM)

Job description

Kan du setje opp eit byggjeprosjekt og samtidig få eit lag med dyktige fagarbeidarar med deg i kvardagen? Då kan du vere den rette for denne stillinga. Kraftmuseet tek vare på tekniske og industrielle kulturminne av nasjonal verdi, og no søkjer vi ein avdelingsleiar bygg og anlegg som vil leie arbeidet med drift, vedlikehald og prosjekt på bygga og anlegga våre i Tyssedal og Odda. Rolla er både praktisk og strategisk, og vegen er kort frå plan til handling.

Arbeidsstaden er Tyssedal i Ullensvang kommune.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar rapporterer du til direktør og leier ei avdeling med fire faste medarbeidarar med bakgrunn som fagarbeidarar, snikkarar og mekanikarar. Du er synleg i den daglege drifta og held samtidig oversikt over årshjulet, prosjekta og prioriteringane i avdelinga. Du vil også jobbe med å prosjektere, kalkulere og byggjeleie store og små bygningstiltak.

Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere å:
  • leie, følgje opp og motivere medarbeidarane i avdelinga
  • planleggje og følgje opp eit heilårleg årshjul for drift og vedlikehald, tilpassa årstidene
  • skrive søknader om tilskot, til dømes midlar til forvaltning, drift og vedlikehald frå Riksantikvaren, og rapportere på dei
  • utarbeide grunnlag for offentlege anbod og følgje opp eksterne rådgjevarar og entreprenørar
  • halde god dialog med vernestyresmaktene og delta i faglege nettverk
  • handtere akutte avvik på bygg og anlegg på ein strukturert og ryddig måte
  • bidra til revisjon av internt planverk og leggje til rette ved utleige av lokale
Din profil

Vi søkjer deg som har solid byggfagleg forankring og som har drive komplekse byggjeprosessar før. Du er nysgjerrig, trivst både ute i drifta og med planlegginga, og har interesse for museumsfeltet og kulturarven vi forvaltar. Som leiar er du tålmodig og inspirerande. Du lyttar godt, fremjar saka di på ein konstruktiv måte og finn gode kompromiss når prioriteringane står mot kvarandre.

Vidare ser vi for oss at du har:
  • utdanning som byggingeniør eller arkitekt, eller fagbrev som tømrar eller snikkar med vidareutdanning som meister, frå teknisk fagskule eller tilsvarande. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse.
  • minst tre års relevant erfaring frå prosjektering, prosjektleiing eller byggjeleiing
  • god kjennskap til norsk plan og lovverk og avtaleverk innan bygg
  • forståing for kulturminnefaglege problemstillingar innan bygningsvern
  • erfaring med personalleiing, som er ein fordel, men ikkje eit krav dersom du har gode leiareigenskapar og vilje til å lære
  • gode digitale ferdigheiter og kjennskap til prosjekteringsverktøy
  • svært god norsk munnleg og skriftleg, og gjerne erfaring med nynorsk som arbeidsspråk
  • førarkort klasse B

Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer.

Kvifor Kraftmuseet?
  • Kulturminne utan sidestykke: Du får ansvar for unike bygg og anlegg, frå den freda kraftstasjonen Tysso I til veteranbåten M/Y Tysso og museet sitt eige fjernvarmeanlegg.
  • Reell påverknad: Organisasjonen er flat og vegen til direktør er kort, så du ser raskt resultatet av prioriteringane dine.
  • Nasjonale nettverk: Gjennom museumsordninga til NVE og ulike nettverk møter du andre fagfolk og deltek i faglege samarbeid for tekniske og industrielle kulturminne over heile landet.
  • Ordna vilkår: Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
Søknadsfrist: 3. januar 2027, søknader vert vurderte fortløpande.
Tiltreding etter avtale.
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg
Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg

Fredrik Deilkås • Tyssedal

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Pensjons- og forsikringsordningar i K

Kraftmuseet søkjer administrasjonskonsulent
Kraftmuseet søkjer administrasjonskonsulent

Fredrik Deilkås • Tyssedal

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Pensjons- og forsikringsordningar i KŁ
Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg
Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg

Hamnøy AS • Hovland

On-site
NOK 850,000 - 1,150,000
Pensjonsordning i KLP
Forsikringsordninger
Avdelingsleiar bygg og anlegg for kulturminne
Avdelingsleiar bygg og anlegg for kulturminne

Hamnøy AS • Hovland

On-site
NOK 850,000 - 1,150,000
Pensjonsordning i KLP
Forsikringsordninger
Avdelingsleiar bygg og anlegg – kulturminneprosjekt
Avdelingsleiar bygg og anlegg – kulturminneprosjekt

Kraftmuseet • Tyssedal

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Pensjonsordning i KLP
Kraftmuseet søkjer administrasjonskonsulent
Kraftmuseet søkjer administrasjonskonsulent

Hamnøy AS • Hovland

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Gode pensjonsordningar i KLP
Gode forsikringsordningar
Administrasjonskonsulent - vikariat
Administrasjonskonsulent - vikariat

Aust-Agder museum og arkiv • Rysstad

On-site
NOK 450,000 - 600,000
Pensjonsordning
Opplæring i relevante system
Fast tilsetting mogleg
Prosjektleder
Prosjektleder

Ringsaker kommune • Moelv

On-site
NOK 750,000 - 900,000
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjonsordninger
0 Kystmuseet
0 Kystmuseet

Hfjobb • Hitra, Frøya

Remote
NOK 700,000 - 900,000
Pensjonsordning
Offentlig tjenestepensjon
Administrasjonskonsulent - vikariat
Administrasjonskonsulent - vikariat

Hind Helene Harira • Valle

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Pensjonsordning
Top locations