A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg som kan leie arbeidet med drift, vedlikehald og prosjekt på våre bygg og anlegg i Tyssedal og Odda. Rolla er både praktisk og strategisk, og vegen frå plan til handling er kort.
Rolla krev solid byggfagleg forankring, og høyrer til avdelinga som har fire faste medarbeidarar med fagarbeidarar, snikkarar og mekanikarar. Leiaransvaret omfattar planlegging, budsjettering og utvikling av årshjul.
Kan du setje opp eit byggjeprosjekt og samtidig få eit lag med dyktige fagarbeidarar med deg i kvardagen? Då kan du vere den rette for denne stillinga. Kraftmuseet tek vare på tekniske og industrielle kulturminne av nasjonal verdi, og no søkjer vi ein avdelingsleiar bygg og anlegg som vil leie arbeidet med drift, vedlikehald og prosjekt på bygga og anlegga våre i Tyssedal og Odda. Rolla er både praktisk og strategisk, og vegen er kort frå plan til handling.
Arbeidsstaden er Tyssedal i Ullensvang kommune.
Som avdelingsleiar rapporterer du til direktør og leier ei avdeling med fire faste medarbeidarar med bakgrunn som fagarbeidarar, snikkarar og mekanikarar. Du er synleg i den daglege drifta og held samtidig oversikt over årshjulet, prosjekta og prioriteringane i avdelinga. Du vil også jobbe med å prosjektere, kalkulere og byggjeleie store og små bygningstiltak.
leie, følgje opp og motivere medarbeidarane i avleginga
planleggje og følgje opp eit heilårleg årshjul for drift og vedlikehald, tilpassa årstidene
skrive søknader om tilskot, til dømes midlar til forvaltning, drift og vedlikehald fra Riksantikvaren, og rapportere på dei
handtere akutte avvik på bygg og anlegg på ein strukturert og ryddig måte
bidra til revisjon av internt planverk og leggje til rette ved utleige av lokale
Vi søkjer deg som har solid byggfagleg forankring og som har drive komplekse byggjeprosessar før. Du er nysgjerrig, trivst både ute i drifta og med planlegginga, og har interesse for museumsfeltet og kulturarven vi forvaltar. Som leiar er du tålmodig og inspirerande. Du lyttar godt, fremjar saka di på ein konstruktiv måte og finn gode kompromiss når prioriteringane står mot kvarandre.
utdanning som byggingeniør eller arkitekt, eller fagbrev som tømrar eller snikkar med videreutdanning som meister, fra teknisk fagskule eller tilsvarande. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse.
minst tre års relevant erfaring frå prosjektering, prosjektleiing eller byggjeleiing
god kjennskap til norsk plan og lovverk og avtaleverk innan bygg
forståing for kulturminnefaglege problemstillingar innan bygningsvern
erfaring med personalleiing, som er ein fordel, men ikkje eit krav dersom du har gode leiareigenskapar og vilje til å lære
gode digitale ferdigheiter og kjennskap til prosjekteringsverktøy
Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer.
Kulturminne uten sidestykke: Du får ansvar for unike bygg og anlegg, frå den freda kraftstasjonen Tysso I til veteranbåten M/Y Tysso og museet sitt eige fjernvarmeanlegg.
Reell påverknad: Organisasjonen er flat og vegen til direktør er kort, så du ser raskt resultatet av prioriteringane dine.
Nasjonale nettverk: Gjennom museumsordninga til NVE og ulike nettverk møter du andre fagfolk og deltek i faglege samarbeid for tekniske og industrielle kulturminne over heile landet.
Ordna vilkår: Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordninger i KLP.
Søknadsfrist: 3. januar 2027, søknader vert vurderte fortløpande.
Kraftmuseet er eit kulturhistorisk museum i Tyssedal og Odda i Ullensvang kommune. Museet formidlar den historiske framveksten av industrisamfunnet, med hovudvekt på vasskraft og smelteverksindustri. Museet har 16 fast tilsette og tek imot mellom 20 000 og 30 000 besøkjande i året. Kraftmuseet forvaltar om lag 25 bygg og publikumsarenaer, mellom dei den freda kraftstasjonen Tysso I og KraftLaben i Odda, og har bygd opp eit eige Industriarkiv. Saman med Anno Norsk Skogmuseum er Kraftmuseet med i den nasjonale museumsordninga til NVE.