A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg som vil leie drift, vedlikehald og byggjeprosjekt på museets bygg og anlegg i Tyssedal og Odda. Rollen krev både praktisk drift og strategisk planlegging, med ansvar for årshjul, søknadar og offentlege tilsyn.
Du blir ein synleg leiar som sikrar god dialog med styresmakter og eksterne rådgjevarar, og du har interesse for kulturarv og museumsfeltet vi forvaltar. Tiltreding etter avtale.
Kan du setje opp eit byggjeprosjekt og samtidig få eit lag med dyktige fagarbeidarar med deg i kvardagen? Då kan du vere den rette for denne stillinga. Kraftmuseet tek vare på tekniske og industrielle kulturminne av nasjonal verdi, og no søkjer vi ein avdelingsleiar bygg og anlegg som vil leie arbeidet med drift, vedlikehald og prosjekt på bygga og anlegga våre i Tyssedal og Odda. Rolla er både praktisk og strategisk, og vegen er kort frå plan til handling.
Arbeidsstaden er Tyssedal i Ullensvang kommune.
Som avdelingsleiar rapporterer du til direktør og leier ei avdeling med fire faste medarbeidarar med bakgrunn som fagarbeidarar, snikkarar og mekanikarar. Du er synleg i den daglege drifta og held samtidig oversikt over årshjulet, prosjekta og prioriteringane i avdelinga. Du vil også jobbe med å prosjektere, kalkulere og byggjeleie store og små bygningstiltak.
Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere å:
Vi søkjer deg som har solid byggfagleg forankring og som har drive komplekse byggjeprosessar før. Du er nysgjerrig, trivst både ute i drifta og med planlegginga, og har interesse for museumsfeltet og kulturarven vi forvaltar. Som leiar er du tålmodig og inspirerande. Du lyttar godt, fremjar saka di på ein konstruktiv måte og finn gode kompromiss når prioriteringane står mot kvarandre.
Vidare ser vi for oss at du har:
Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer.
Søknadsfrist: 3. januar 2027, søknader vert vurderte fortløpande.
Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY ved rådgjevarane:
Tiltreding etter avtale.
Dorthe Øygard Eide,Rådgiver - research & analyse,+47 484 47 373, doe@hamnoy.no Fredrik Deilkås,Rådgiver,+47 984 72 541, fad@hamnoy.no
Arbeidsgiver: HAMNØY AS
Referansenr.: 5213378105
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.01.2027
Kraftmuseet er eit kulturhistorisk museum i Tyssedal og Odda i Ullensvang kommune. Museet formidlar den historiske framveksten av industrisamfunnet, med hovudvekt på vasskraft og smelteverksindustri. Museet har 16 fast tilsette og tek imot mellom 20 000 og 30 000 besøkjande i året. Kraftmuseet forvaltar om lag 25 bygg og publikumsarenaer, mellom dei den freda kraftstasjonen Tysso I og KraftLaben i Odda, og har bygd opp eit eige Industriarkiv. Saman med Anno Norsk Skogmuseum er Kraftmuseet med i den nasjonale museumsordninga til NVE.