Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg

Fredrik Deilkås

Tyssedal

On-site

NOK 900,000 - 1,200,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjons- og forsikringsordningar i K


Job summary

HAMNØY AS søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg til Tyssedal med ansvar for drift, vedlikehald og prosjekt på bygg og anlegg. Du vil leie eit team av fagarbeidarar og koordinere årshjul, planleggje langsiktig drift og bidra til prosjektbaserte tiltak ved museumsområdet.

Vi søkjer deg som har byggfagleg forankring, erfaring frå prosjektering og leiing, og interesse for kulturminner og museum. Fleire budsjett- og tilskotsprosjekt er sentrale delar av jobben.

Qualifications

  • Krav om byggfagleg forankring og erfaring frå byggjeprosesser.
  • Verdi av erfaring frå prosjektleiing og byggjeleiing.
  • God kjennskap til norsk plan- og lovverk innan bygg.

Responsibilities

  • Leie, følgje opp og motivere avdelinga.
  • Planleggje og følgje opp heilårleg årshjul for drift og vedlikehald.
  • Skrive søknader om tilskot og rapportere på dei.
  • Utarbeide grunnlag for offentlege anbod og følgje opp rådgjevarar og entreprenørar.
  • Hald dialog med vernestyresmaktene og delta i faglege nettverk.
  • Halde akutte avvik på bygg og anlegg på ein strukturert måte.
  • Bidra til revisjon av internt planverk og tilrettelegg ved utleige av lokale.

Skills

Ledelse
Planlegging
Prosjektering
Personalleiing
Digital kompetanse
Norsk språk
Kommunikasjon

Education

Byggingeniør eller arkitekt
Fagbrev som tømrar eller snikkar
Meister vidareutdanning

Tools

CAD
Prosjekteringsverktøy
Microsoft Office

Job description

Kan du setje opp eit byggjeprosjekt og samtidig få eit lag med dyktige fagarbeidarar med deg i kvardagen? Då kan du vere den rette for denne stillinga. Kraftmuseet tek vare på tekniske og industrielle kulturminne av nasjonal verdi, og no søkjer vi ein avdelingsleiar bygg og anlegg som vil leie arbeidet med drift, vedlikehald og prosjekt på bygga og anlegga våre i Tyssedal og Odda. Rolla er både praktisk og strategisk, og vegen er kort frå plan til handling.

Arbeidsstaden er Tyssedal i Ullensvang kommune.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar rapporterer du til direktør og leier ei avdeling med fire faste medarbeidarar med bakgrunn som fagarbeidarar, snikkarar og mekanikarar. Du er synleg i den daglege drifta og held samtidig oversikt over årshjulet, prosjekta og prioriteringane i avdelinga. Du vil også jobbe med å prosjektere, kalkulere og byggjeleie store og små bygningstiltak.

Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere å:

  • leie, følgje opp og motivere medarbeidarane i avdelinga
  • planleggje og følgje opp eit heilårleg årshjul for drift og vedlikehald, tilpassa årstidene
  • skrive søknader om tilskot, til dømes midlar til forvaltning, drift og vedlikehald frå Riksantikvaren, og rapportere på dei
  • utarbeide grunnlag for offentlege anbod og følgje opp eksterne rådgjevarar og entreprenørar
  • halde god dialog med vernestyresmaktene og delta i faglege nettverk
  • handtere akutte avvik på bygg og anlegg på ein strukturert og ryddig måte
  • bidra til revisjon av internt planverk og leggje til rette ved utleige av lokale
Din profil

Vi søkjer deg som har solid byggfagleg forankring og som har drive komplekse byggjeprosessar før. Du er nysgjerrig, trivst både ute i drifta og med planlegginga, og har interesse for museumsfeltet og kulturarven vi forvaltar. Som leiar er du tålmodig og inspirerande. Du lyttar godt, fremjar saka di på ein konstruktiv måte og finn gode kompromiss når prioriteringane står mot kvarandre.

Vidare ser vi for oss at du har:

  • utdanning som byggingeniør eller arkitekt, eller fagbrev som tømrar eller snikkar med videreutdanning som meister, frå teknisk fagskule eller tilsvarande. Lang relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse.
  • minst tre års relevant erfaring frå prosjektering, prosjektleiing eller byggjeleiing
  • god kjennskap til norsk plan og lovverk og avtaleverk innan bygg
  • forståing for kulturminnefaglege problemstillingar innan bygningsvern
  • erfaring med personalleiing, som er ein fordel, men ikkje eit krav dersom du har gode leiareigenskapar og vilje til å lære
  • gode digitale ferdigheiter og kjennskap til prosjekteringsverktøy
  • svært god norsk munnleg og skriftleg, og gjerne erfaring med nynorsk som arbeidsspråk
  • førarkort klasse B

Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer.

Kvifor Kraftmuseet?
  • Kulturminne utan sidestykke: Du får ansvar for unike bygg og anlegg, frå den freda kraftstasjonen Tysso I til veteranbåten M/Y Tysso og museet sitt eige fjernvarmeanlegg.
  • Reell påvirknad: Organisasjonen er flat og vegen til direktør er kort, så du ser raskt resultatet av prioriteringane dine.
  • Nasjonale nettverk: Gjennom museumsordninga til NVE og ulike nettverk møter du andre fagfolk og deltek i faglege samarbeid for tekniske og industrielle kulturminne over heile landet.
  • Ordna vilkår: Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.

Søknadsfrist: 3. januar 2027, søknader vert vurderte fortløpande.

Kontaktinformasjon

Dorthe Øygard Eide,Rådgiver - research & analyse,+47 484 47 373,doe@hamnoy.no
Fredrik Deilkås,Rådgiver,+47 984 72 541,fad@hamnoy.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: HAMNØY AS
Referansenr.: 5213378105
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.01.2027

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg
Kraftmuseet søkjer avdelingsleiar bygg og anlegg

Hamnøy AS • Hovland

On-site
NOK 850,000 - 1,150,000
Pensjonsordning i KLP
Forsikringsordninger
Avdelingsleiar bygg og anlegg
Avdelingsleiar bygg og anlegg

Kraftmuseet • Tyssedal

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Pensjonsordning i KLP
Kraftmuseet søkjer administrasjonskonsulent
Kraftmuseet søkjer administrasjonskonsulent

Hamnøy AS • Hovland

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Gode pensjonsordningar i KLP
Gode forsikringsordningar
Kraftmuseet søkjer administrasjonskonsulent
Kraftmuseet søkjer administrasjonskonsulent

Fredrik Deilkås • Tyssedal

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Pensjons- og forsikringsordningar i KŁ
Prosjektleder formålsbygg
Prosjektleder formålsbygg

Håkon Forrestad Swensen • Hamar

On-site
NOK 900,000 - 1,500,000
Fleksitid
Hjemmekontor
Pensjonsordninger
Avdelingsleiar bygg og anlegg – kulturminneforvaltning
Avdelingsleiar bygg og anlegg – kulturminneforvaltning

Fredrik Deilkås • Tyssedal

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Pensjons- og forsikringsordningar i K

Avdelingsleiar bygg og anlegg for kulturminne
Avdelingsleiar bygg og anlegg for kulturminne

Hamnøy AS • Hovland

On-site
NOK 850,000 - 1,150,000
Pensjonsordning i KLP
Forsikringsordninger
Administrasjonskonsulent – Kulturarv & Museum
Administrasjonskonsulent – Kulturarv & Museum

Hamnøy AS • Hovland

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Gode pensjonsordningar i KLP
Gode forsikringsordningar
Avdelingsleiar bygg og anlegg – kulturminneprosjekt
Avdelingsleiar bygg og anlegg – kulturminneprosjekt

Kraftmuseet • Tyssedal

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Pensjonsordning i KLP
Prosjektleder formålsbygg
Prosjektleder formålsbygg

Hamar kommune • Hamar

Hybrid
NOK 700,000 - 900,000
Fleksitid
Mulighet for hjemmekontor
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Top locations