Vil du vera med på tidleg innsats?

Vindafjord kommune Heimetenesta

Nerheim

On-site

NOK 180,000 - 240,000

Part time

4 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Offentleg tenestepensjon
Forsikringsordningar
Moglegheit til vidareutdanning

Job summary

Vindafjord kommune søkjer ein engasjert medarbeidar til hukommelsesteamet i 40% stilling for å støtte personar med demens og deira pårørande.

Du vil mellom anna planleggja heimebesøk, kartlegging ved mistanke om demens, oppfølging over tid og samarbeid med fastlege, heimetenesta og andre tenester. Dette gjer kvardagen tryggare og aukar meistringa til brukaren.

Me tilbyr eit godt arbeidsmiljø, opplæring og moglegheit til vidareutdanning i samsvar med kompetanseplanen vår.

Qualifications

  • Autorisasjon innan helsefagleg utdanning som helsefagarbeidar, vernepleiar eller sjukepleiar.
  • Vidareutdanning innan demensomsorg er ynskjeleg, relevant erfaring frå arbeid med personar med demens er ein fordel.
  • God kunnskap om demenssjukdommar, kartlegging, observasjonar og oppfølging.
  • Gode digitale ferdigheiter.
  • Førarkort klasse B.
  • Du må meistra norsk godt, both skriftleg og munnleg.

Responsibilities

  • Planleggja og gjennomføra samtalar og heimebesøk med pasienten og deira pårørande.
  • Kartlegging ved kognitiv svikt der det er mistanke om demens og/eller ved diagnose i samråd med lege.
  • Følgja opp og rettleia brukarar og pårørande over tid.
  • Samarbeida med fastlege, spesialisthelsetenesta, heimetenesta, dagsenter og andre aktuelle tenester.
  • Foreslå og følgja opp tiltak saman med brukaren og dei rundt.
  • Utforska og gi råd om korleis velferdsteknologi kan bidra til tryggleik og til at fleire kan bu lenger heime.
  • Delta i faglege nettverk.
  • Halda pårørandeskule som er interkommunalt samarbeid med Etne kommune.
  • Samarbeida med Demensforeininga om eit demensvennleg samfunn i Vindafjord kommune.
  • Vera ein fagleg ressurs og rettleiar for tilsette i helse- og omsorgstenesta.
  • Bidra til førebygging, tidleg identifisering og god oppfølging av personar med demens.

Skills

Gode digitale ferdigheiter
Kunnskap om demenssjukdommar
Nynorsk skriftleg og munnleg

Education

Autorisasjon som helsefagarbeidar/vernepleiar/sjukepleiar
Vidareutdanning innan demensomsorg

Tools

Førarkort klasse B

Job description

Vil du bidra til ein tryggare kvardag for personar med demens gjennom støtte og rettleiing til brukaren og deira pårørande?

Vindafjord kommune søkjer ein engasjert medarbeidar til hukommelsesteamet i 40% stilling!

Hukommelsesteamet arbeidar for å gi personar med kognitiv svikt og demens, samt deira pårørande, støtte og oppfølging. Teamet bidreg til tidleg kartlegging, rettleiing og tiltak som kan fremja tryggleik og meistring i kvardagen.

Me er og eit lågterskeltilbod i kommunen.

Dette er ei stilling for deg som ynskjer å gjera ein forskjell gjennom tett samarbeid med innbyggjarar, pårørande og andre tenester.

Hukommelsesteamet har i dag to medarbeidarar i 20% stilling. Med den nye medarbeidaren vil teamet arbeida over to dagar i veka. Medarbeidaren i 40% stilling vil arbeida begge dagane.

Stillinga kan passa for deg som ynskjer ei meiningsfull oppgåve ved sida av anna arbeid. Du som ynskjer å gjera ein skilnad for dei som har ein kognitiv svikt - gi meistring og moglegheit til å leva eit heilt liv med dei utfordringane kognitiv svikt har. Samstundes gi moglegheita for å kunne bu heime med sine, oppleva livskvalitet gjennom at de som hukommelsesteam er der og gir støtte, rettleiing og set tiltak saman med andre tenester når det er behov!

Arbeidsoppgåver

Du vil mellom anna:

  • Planleggja og gjennomføra samtalar og heimebesøk med pasienten og deira pårørande.
  • Kartlegging ved kognitiv svikt der det er mistanke om demens og/eller ved diagnose i samråd med lege.
  • Følgja opp og rettleia brukarar og pårørande over tid.
  • Samarbeida med fastlege, spesialisthelsetenesta, heimetenesta, dagsenter og andre aktuelle tenester.
  • Foreslå og følgja opp tiltak saman med brukaren og dei rundt.
  • Utforska og gi råd om korleis velferdsteknologi kan bidra til tryggleik og til at fleire kan bu lenger heime.
  • Delta i faglege nettverk.
  • Halda pårørandeskule som er interkommunalt samarbeid med Etne kommune.
  • Samarbeida med Demensforeininga om eit demensvennleg samfunn i Vindafjord kommune.
  • Vera ein fagleg ressurs og rettleiar for tilsette i helse- og omsorgstenesta.
  • Bidra til førebygging, tidleg identifisering og god oppfølging av personar med demens.
Kvalifikasjonar
  • Du har autorisasjon innan helsefagleg utdanning som helsefagarbeidar, vernepleiar eller sjukepleiar.
  • Vidareutdanning innan demensomsorg er ynskjeleg, relevant erfaring frå arbeid med personar med demens er ein fordel.
  • God kunnskap om demenssjukdommar, kartlegging, observasjonar og oppfølging.
  • Gode digitale ferdigheiter.
  • Førerkort klasse B.
  • Du må meistra norsk godt, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • Bidrar til tryggleik, tillit og gode relasjonar - både til personar med demens, pårørande og kollegaer.
  • Har eit fagleg engasjement for personar med demens og deira pårørande.
  • Empatisk, tolmodig og trygg i møte med menneske i sårbare livssituasjonar.
  • God på relasjonsbygging og evnar å skape tillit.
  • Er sjølvstendig, inititativrik og tek ansvar.
  • Fagleg engasjert, reflektert og opptatt av utvikling.
  • Fleksibel, løysningsorientert og trivst med ein variert arbeidskvardag.
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg aktivt til eit positivt fagmiljø.
  • Evne og vilje til å rettleie, inspirere og bidra til kompetanseheving hos kollegaer.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me tilbyder
  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver og faglege utfordringar.
  • Engasjerte kollegaer som ynskjer at du skal trivast og lykkast.
  • Opplæring og støtte i den nye rolla.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med kompetanseplanen vår.
  • Moglegheit til å delta i bedriftskunstlaget og kommunekoret KORe' Vindafjord.
  • Offentleg tenestepensjon og forsikringsordninger.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus før tiltredelse.

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten - her finn ein noko for alle.Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Helsefagarbeidar korttid/ rehabiliterings avdelinga

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Spanande jobb med eldre på dagtid
Spanande jobb med eldre på dagtid

Vindafjord kommune Heimetenesta • Nerheim

On-site
NOK 320,000 - 440,000
Offentleg tenestepensjon
Gruppelivsforsikring
Yrkesskadeforsikring
+1
Likar du å jobbe på natt?
Likar du å jobbe på natt?

Vindafjord kommune Rus og psykiatri • Nerheim

On-site
NOK 500,000 - 560,000
Gratis parkering
Rabatt på treningssenter
Ønskjer du ein variert og spanande kvardag?
Ønskjer du ein variert og spanande kvardag?

Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter • Nerheim

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Frisk treningssenter til rabattertPris
Deltaking i bedriftskunstlag KORe’Vind
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Soneleiar Heimetenesta indre sone
Soneleiar Heimetenesta indre sone

Vindafjord kommune Heimetenesta • Nerheim

On-site
NOK 700,000 - 1,100,000
Spennande engasjement som familierettleiar
Spennande engasjement som familierettleiar

Vindafjord kommune Helse • Nerheim

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Offentleg tenestepensjon
Gratis parkering
Gruppelivsforsikring
+2
Vil du vera med på tidleg innsats?
Vil du vera med på tidleg innsats?

Annelin Bauge • Nerheim

Hybrid
NOK 96,000 - 144,000
Opplæring og støtte i den nye rolla
Moglegheiter for etter- og vidareutd딩n
Offentleg tenestepensjon og forsikrins
+2
Vi treng fleire badevakter med reinhaldsansvar ved Vindafjordhallen symjehall!
Vi treng fleire badevakter med reinhaldsansvar ved Vindafjordhallen symjehall!

Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester • Sandeid

On-site
NOK 350,000 - 480,000
Faglærar og kontaktlærar 1.-10. klasse
Faglærar og kontaktlærar 1.-10. klasse

Vindafjord kommune Vikedal skule • Hallingstad

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Offentlig tjenestepensjon
Gruppelivsforsikring
Yrkesskadeforsikring
+1
Vil du vere fastlege i Vindafjord?
Vil du vere fastlege i Vindafjord?

Vindafjord kommune Helse og omsorg • Nerheim

On-site
NOK 1,200,000 - 1,600,000
Helsefagarbeidar korttid/ rehabiliterings avdelinga
Helsefagarbeidar korttid/ rehabiliterings avdelinga

Vindafjord kommune • Nerheim

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Mulighet til bedriftskunstlag KORe' V
Pensjons- og forsikringsordningar (2%)
Top locations